mandag 14. januar 2013

Bursdagsgåve

til meg! :)

I fjor, eller nå blir det vel forfjor, så fekk eg ei kjempefin lue av systera mi, vaffellue frå Pickles. Systera mi var då så snill at ho gav meg lua som ei "fest-trådane-sjølv-lue". Kjempesuksess å gi det til ei som har angst for å feste trådar. Resultatet var at trådane fyrst blei festa når vinteren kom til Oslo, dvs. 1,5 år etter eg fekk ho. Då blei behovet for noko varme på hovudet for stort, og eg måtte gi etter. Men lua var kjempefin den altså!

Vaffellue i fin lyngfarge

Mønster: Vaffellue frå Pickles
Garn: Smart
Neste gong håpar eg på ferdigfesta trådar...

9 kommentarer:

  1. Hei,
    Ja, den hua var superfin....og ein nydelig farge.
    Den vart eg frista til å strikke :)
    Feste trådar er neimen ikkje den kjekaste jobben, men det måååååå gjerast.

    Ha ein fin kveld.

    MarJE

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :)

      Ja, må mann så må mann ;)

      Slett
  2. Hei,

    Jeg lurer på en ting... I et innlegg fra 13. oktober 2011 skrev du om en Marius-genser som var strikket etter oppskrift fra Temahefte 10, Klassikere. Genseren var strikket med rund sal. Jeg har ikke kjøpt heftet enda, men på bildene ser det ut til at det er gensere med påsydde armer.

    Jeg har så veldig lyst på rund sal og lurer på om oppskriften er med rund sal eller påsydde armer?

    Vennlig hilsen
    Britt Lise

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Britt Lise :)

      Eg har ikkje hefte foran meg nå, og eg huskar ikkje heilt kor det har havna i all flyttekaoset i høst, men eg er nokså sikker på at det er med rund hals i det heftet. Eg kikka på nettet og då såg eg det ikkje, men eg trur det skal vera ein versjon med rund hals på ei av dei fyste sidene. Om du er på ein strikkebutikk kan du jo ta å høyre om du kan få bla gjennom det :)

      Slett
    2. http://www.sandnesgarn.no/hefter/norsk/tema-15-voksne-klassikere-904tema15
      Her er mariusgenser med rund sal til voksne.

      Slett
    3. Men der er det berre vaksen størrelse, må nok i det andre heftet for å få til barn, så det kjem an på kva du vil strikka :)

      Slett
  3. Haha, så kreativ søster du har :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Mhm, men det skal seiast at ho faktisk fekk vottar til jul ein gong, som fortsatt hadde strikkepinne på seg...

      Slett
    2. Payback altså? Da må du finne på no enda bedre til neste anledning :p

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)