torsdag 16. juli 2015

Fletteromper

Eg har vel aldri vore vond å be når eg kjem over eit nytt rompermønster. Eg har vel ein aldri så liten romper-addiction... Og når det i tillegg kombineres med fletter og perlestrikk? Då er eg solgt! Romperen er frå Tiddelibom.no og den er både søt og enkel å lage. Eg har ved ein tidligare anledning teststrikka for denne sida, men då var det ein bleietruse. Du kan sjå innlegget her.

 Romperen blir strikka frå toppen og ned, og er veldig enkel i formen, den blir derfor strikka uten økningar/fellinger heilt til du kjem til beina. Det betyr også lite montering.

Lue og Romper blei gitt i barselgåve

Baksida
 Ettersom det var meir garn igjen etter romperen blei det også til ei lue i perlestrikk som matchar romperen. Som tidlegare har eg benytta oppskrifta "Enkel Babylue" frå Nøstebarn. Den funkar til alt!

Mønster: Enkel babylue
Bok: Strikk til nøstebarn
Garn: Extra Fine Merino frå Pickles
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd men med tjukkere garn tilsvarer den ca 6 mnd
Garnforbruk: mindre enn eit nøste

Mønster: Fletteromper
Nettside: Tiddelibom.no
Garn: Extra Fine Merino frå Pickles
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: 56g

2 kommentarer:

  1. Hei, jeg har kjøpt denne oppskriften, men klarer ikke få til perlestrikken riktig. Når jeg følger mønsteret, vil det ikke stemme... Skal det være dobbel perlestrikk? Altså fire masker i en "boble"? Takk for svar :)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)