Også dåpsgåver blir strikka her i gården, som det meste ellers! Ein slepp ikkje unna strikkedilla her i heimen! Men heldigvis ser det ut som dei fleste er fornøgd med å få strikkeprodukter i tide og utide. Eg blei kjempefornøgd med denne dåpsgåva, og det trur eg også dåpsbarnet blei (i hvert fall foreldra!)
Heile settet blei strikka i Baby Merino frå Drops, eit av mine favorittgarn, OG alt garn blei tatt frå lageret! Settet består av shorts, Bellatopp, Babybooties i perlestrikk og lettstrikka lue frå nøstebarn med vevstrikk.
Vi starter med tilbehøret; babybooties og babylue:
| Mønster: Red Queen Sandals frå boka "Baby booties and socks" Garn: Drops Baby Merino Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 6 mnd Garnforbruk: ca 20g |
| Mønster: Lettstrikka babylue frå Strikk til Nøstebarn (Strikka med vevstrikk) Garn: Drops Baby Merino Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 6 mnd Garnforbruk: ca 30g |
Eg pynta både lua og sokkane med søyfe som eg strikka. Dette er veldig enkelt å lage og veldig dekorativt! Det du berre gjer er å strikke eit rektangel i den størrelsen du ønsker. Eg la opp 17 m og strikka 13-14 omganger i perlestrikk før eg fellte av. Videre tar du berre ein tråd og surrer denne rundt på midten (brett sløyfa litt fint først), og bruker tråden til å feste den på plagget.
Bukse og topp:
| Mønster: Shorts frå "Den store guttestrikkeboka" Garn: Drops Baby Merino Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 6 mnd Garnforbruk: ca 64g |
| Mønster: Bellatopp frå "Babystrik på pinde 3" Garn: Drops Baby Merino Pinne: 2,5 Størrelse: strikka 9-12 med mindre pinnar, skikkelig størrelse ca 6 mnd Garnforbruk: ca 74g |
| To fargar i hvert fall eg syns var nydelige sammen! |
Heile settet:





















