onsdag 1. januar 2014

Strikkeåret 2013

Eg har sett at fleire bloggarar har tatt ein oppsummering av strikkeåret som nå er ferdig, og eg tenkte at eg også ville gjere eit forsøk på dette! Men når eg starta å sjå over kva eg har strikka, fann eg ut at eg har veldig dårlig oversikt over kva eg har strikka, garnforbruk, garn inn og ut av lageret osv. Derfor blir eit av mine nyttårsforsett å bli flinkare på å holde styr på dette! Det er jo alltid gøy å sjå kor mykje garn det går med til dei ulike prosjekta, og det kan også vere greit å få ein viss kontroll over garnlageret. Eg fryktar at garnlageret mitt også i år har blitt større og ikkje mindre, eg vågar i alle fall ikkje å estimere kor mykje garn som er kome inn...men men! 

Men over til det som er interresant! Kva blei egentlig strikka i 2013? Etter å ha sett litt grovt over bloggen kom eg fram til at dette blei strikka i år: 

6 par vottar
15 luer
4 vestar
5 kjolar
5 gensarar, herav 3 Oslo-anorakkar
6 babyjakker
5,5 par babysokkar
5 bukser, herav 3 ballongbukser
3 skjerf/hals
3 par sokkar/tøfler

I alt er det strikka 57,5 plagg! Slettes ikkje verst! Det er moglig at eg har gløymt noko eller tatt med noko som eigentlig blei strikka før nyttår i fjor, men sånt sirkus i alle fall! 

Av alle desse plagga finn du kun 2 egostrikk: lun genser og camelon-genser, begge frå Pickles. Ellers har det gått MYKJE i babystrikk. Ein del av babystrikket har blitt gitt bort til venner og kjente, mens den resterende delen har blitt putta i gåveeska. 



Måtte 2014 bli nok eit godt strikkeår!

9 kommentarer:

  1. Så masse du har strikket, masse flott!
    Jeg er en periodestrikker, men ble litt småtteri nå i høst.. ett par puter, hundegensere, sitteundelag osv, å nå imorgen skal garn til babyklær til en liten tass som ventes i Februar (venninnes barn) kjøpes inn!

    Godt nytt år til deg og dine,
    Klem fra Jatte ♥

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! For min del er eg strikkar på fulltid! Eller, så lenge tida strekk til da, ein må jo faktisk på jobb også ;) Spennende å starte på barselgave da! Har hatt ein del slik strikk sjølv i det siste :)

      Slett
  2. Eg har nettopp oppdaga bloggen din, og las meg igjennom heile her ein dag. Du strikkar utrulig mykje fint, og eg gler meg til å følge med på bloggen din i 2014 for å sjå kva du lagar i år. Nesten seksti plagg på eitt år tykkjer eg du skal vere godt nøgd med!

    Godt nytt år frå Ingvild :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggelig å høyre! Og at du orka å bla deg gjennom heile bloggen da, ikkje verst! Håpar eg klarer å diske opp med noko spennande i 2014 då!

      Godt nyttår! :)

      Slett
  3. Så mye fint du har strikket! Ikke alltid like lett å holde oversikten nei..Jeg bruker ravelry mye og registrerer alt garn og alle prosjekter der, fungere fint for meg :)

    Kjekk og inspirerende blogg du har, gleder meg til å følge deg videre i 2014.
    Godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk! Eg burde også bli flinkere til å benytte ravelry, men gløymer ofte å putte det inn der. Men nå har eg gått til anskaffelse av ei lita bok, kanskje eg då klarer å få skrivi ned alt der :P

      Godt nytt år!

      Slett
  4. For en fantastisk blogg! Du er jo superflink både og strikke ,og å blogge om det.
    Vedig inspirerende og morsomt, kommer helt klart å følge med deg videre!
    Godt nyttår!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Kjempegøy at du vil følge med på bloggen min :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)