torsdag 18. august 2011

Knitting in San Francisco!

Etter fullt kjør i nesten to veker trang vi ein dag til å slappe litt av på. Så vi starta dagen med ein kaffe (kakao) på Tulley's kafè. Mens kjærasten surfa på nettet, benytta eg sjansen til å strikke litt! 

Strikking på Tulley's Cafè

Etter eit lite pust i bakken her tok vi turen til Golden Gate Park kor vi blant anna var i ein Japansk tehage, og der måtte vi sjølvsagt ta oss ein kopp te!

Eg sit å kosar meg med ein kopp te i den Japanske hagen og visar fram min nyinnkjøpte UGLE-tekopp!

Eg heng litt etter når det kjem til kor vi er på reisa, men skal prøve å få til eit lite innlegg frå kvar av plassane vi har vore. Men i mellomtida kjem det nokon fleire bileter av kva anna vi gjorde i San Francisco:

Vi klarte å kapre oss dei to siste billettane til Alcatraz!

Lombard Street

Sykkeltur over blant anna Golden Gate Bridge. Gud veit kor mange mil vi sykla den dagen, men mange var det! (som du ser er eg dødstrøytt på bilete!)

Turen nærmar seg snart slutten, men det er ennå fleire kjekke ting vi skal oppleva! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)