torsdag 11. august 2011

Yarnbombing in Seattle :)

Neste stopp etter New York var Seattle. Og for ein fantastisk by! Den er berre superkoselig med sine sjarmerende kaffesjapper, spennande butikkar og hyggelege folk. Her kunne eg lett ha budd! Vi skulle også møte nokon amerikanske venner av oss her, noko som var kjempekoselig. Vi hadde kun 3 dagar i Seattle, litt i underkant, men kjempenøgd med at vi tok med denne byen i reiseruta vår. Hotellet vi budde på var også veldig fint, utruleg hjelpsom bemanning, fine rom og bra beliggenhet. Ein fekk også låne syklar gratis, noko vi benytta oss av den eine dagen :) Så om du nokon gong skal til Seattle vil eg absolutt anbefale å bu på Belltown Inn.

Ein av dagane når vi gjekk rundt om kring og utforska byen, støtta vi på det. Yarnbombing. Eg har høyrd om fenomenet før, men aldri sett det i levande livet. Fasinerande. Yarnbombing er rett og slett når du strikkar noko som du kan kle rundt f.eks. eit tre eller ein statue. Og her var det snakk om mengder! Friska skikkelig opp :)


Gud veit kor lang tid det må ha tatt å strikka alt dette! Men kult var det :)

Slik berre fortsatt det på heile området, trær og stolpar i fargerike draktar!

Mengder på mengder med garn må ha gått med her!

Så eg tenkte, viss folk strikkar i denne byen (noko dei tydlegvis gjer) , så må det vel finnast ein strikkebutikk også? Og så såg eg skiltet:
So much yarn...


Men kva eg fann her blir eg nødd til å fortelje om i eit anna innlegg ;)

To be continued...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)