tirsdag 7. februar 2012

Melkers hentesett; til jente

Eg har fallt pladask for Pickles sitt mønster Melkers Hentesett! Det er både kjempesøtt og kjempegøy å strikke :) Sidan det strikkast i "tjukt" garn og "store" pinnar (er stort til å vera til baby :P) går det superfort å strikke, noko som er ein stor bonus for ei utolmodig sjel som meg ;) Settet er ikkje påtenkt nokon spesielle endå, eg ville berre teste ut oppskrifta, så foreløbig ligg det i gåvekurva. Men ingen fare, eg syns det poppar opp babyar i både øst og vest, så eg skal nok klare å gi det bort etter kvart! Men etter å ha strikka jakka syns eg det måtte til litt tilbehør også, så det blei eit sett med både lue, vottar og sokkar. Alt er strikka av restegarn frå Mariuskofta mi.

Rooosa sjølvsagt!

Mønster: Melkers Hentesett Jakke
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: Nr. 4
Garnmengde: 95g
Mønster: Turban
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 27g

Mønster: Vinterbabysett votter
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 20g

Mønster: Melkers Hentesett Tøffler
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 35g
Mønsteret er heilt supert, men eg har gjort nokre små endringar på jakka. Ikkje store greiene, syns berre det var noko knoting med stolpane så eg gjorde det på min måte ;) Har også endra bittelitt på lua. Nå manglar eg berre å finne nokon søte knappar så er dette heilt komplett!

2 kommentarer:

  1. Nyydelig farge du har valgt :) Æ har strikka det i grått og rosa, hvis du vil sjå

    http://ullaprodukt.blogspot.com/2011/06/3-down.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) Ja, eg har sitt jakka som du har strikka, og den var nydelig! (eg kjempeglad i både grått og rosa) Var etter å ha sett rundt på bloggen din at eg starta på denne jakka ;)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)