mandag 6. juni 2011

Mariuskofte; FERDIG!

ENDELIG! Nå er mariuskofta mi ferdig! Eller iallefall 95%, må feste nokon trådar og nøste fast belegg, men utad ser den heilt ferdig ut! Jippi! 

Her er den ferdig Mariuskofta mi! :)


Mønster: Mariuskofte fra Sandnesgarn "Tema 15 - Til Fjells"(Modell 10)
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5

Skal prøve å få tatt nokre betre bilete etter kvart, slik at dykk får sjå kofta betre :) Var litt vanskeleg å få fram rett farge også :P Tenkte også å laga nokon innlegg med tips osv. for strikking av kofte som kan vera greit å få med seg om ein ikkje har strikka kofte før :)


Eg har gjort ALT sjølv denne gangen, ingen hjelp fra mamma (utenom eit par råd over telefonen da ;)) Og dette er eg kjempefornøgd med! Frå nå av skal eg gjera all montering sjølv, så slepp mamma å alltid gjere "drittarbeidet" :P

Det var ein del meir arbeid med kofte i forhold til genser når det kjem til montering, men vel verdt det! Denne skal nok bli mykje brukt! :) 

2 kommentarer:

  1. Hei :-) lurte litt på det mønsteret du har brukt. Du har skrevet til fjells, men jeg finner det ikke der. Og i "klassikere", finner jeg bare bilde av herrekofte, somhar vrangbord på armer og bolen :-). Lurte på omdu kunne skrive nr på hefte og oppskrift. Elin

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! :)
      Viss du trykkar på der eg har skreve "Til Fjells" så kjem du inn på Sandnesgarn sine sider, og heftet "Til Fjells". Der er det modell 10 eg har brukt. Dette er ein unisex-modell, kanskje du trudde det skulle vera ein eigen jentemodell eg hadde brukt? Det er i alle fall den oppskrifta i heftet "tema 15 - til fjells, modell 10" eg har nytta, og syns passformen blei kjempebra :) (det kan ha hatt noko med garnet å gjere også)
      Håpar det gav deg svar på spørsmålet ditt :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)