mandag 31. januar 2011

Rundpinne-etui!

I forfjor fekk eg som tidlegare nevnt  strikkepinne-etui av mammaen min til jul, denne julen som var hadde ho laga rundpinne-etui til meg! Og det syntes eg var kjempefint! Eg likte spesielt godt kuene ho hadde sydd på :)



Slik ser den ut når den er bretta saman


Min favoritt del, kuene!


Fullt bretta ut!





Nå har eg fått full oversikt over rundpinnane mine!


Mamma har vore så snill at ho har lova å skrive ned mønsteret på begge etuia ho har laga til meg, slik at eg kan poste det her viss det skulle vera interesse for det. Isåfall vil eg legge det ut så snart dei er klar! :)

søndag 30. januar 2011

Selbuvott på ein, to, tre!

Det tok meg nøyaktig to kveldar å bli ferdig med denne votten. Sidan det fortsatt er kaldt ute, og eg klarte å gløyme vottane mine heime på Karmøy, måtte eg rett og slett strikke meg nye!

Resultatet etter to kveldars arbeid:


Kun ein vott gjenstår, og den er allereie påbegynnt!

fredag 28. januar 2011

Lillehammervotten og nok eit par russesokker

Eg hadde store ambisjonar om å bli ferdig med alle julegåvene i tide før julaften, men eg måtte sjå slaget tapt når det nerma seg julemiddag og det fortsatt var ting som ikke var ferdig. Dette resulterte i at systera mi og mammen min fekk halvferdige gåver til jul. Men gla blei dei likevel! Nå har eg endelig summa meg til å strikke ferdig vottane og sokkane til systera mi, og sendt dei i posten til ho.

Systera mi bur for augeblinken på Lillehammer, og fekk derfor Lillehammervotten til jul!



Mønster: Lillehammervotten frå Norske Votter
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinner: nr. 2,5 og 3



Ho fekk også eit par sokkar:
Mønster: Eit vottemønster omgjort til russesokker
Garn: Østlandsgarn
Pinner: nr 2,5 og 3

Mamma må nok vente litt lengre, men eg skal prøve å få hennar ting ferdig snart også! :)

tirsdag 25. januar 2011

CUBA; ein reise tilbake i tid!

Nå er det jammen meg lenge sidan det har vore noko aktivitet her, men nå er eg komen heim frå Cuba og er tilbake på skulen. Det har vore litt av ein opplevelse, og me sit igjen med mange minner me aldri vil gløyme. Og det stemmer det folk seier om Cuba; det er som å reise nokre tiår tilbake i tid! Noko ein bør oppleva før det er for seint, så hiv deg på flyet! Det kan vera ein smule promlematisk å ikkje kunne spansk der nede, men me klarte oss heilt fint! Du opplev også ein lite kultursjokk, spesielt mtp at alt er så veldig "gammald dags", men du blir fort vant til det og det blir ein opplevelse i seg sjølv :)

Me opplevde mykje og fotokamera gjekk varmt, me fylde nesten 8 GB me minnekort før me vende nasen mot Noreg igjen.Tenkte eg skulle vise dykk ein liten smakebit her! Eg har samla nokre bilete frå kvar av byane me var i:


Viñales, ein av dei første byane me var i. Dei er kjende for sin vakre natur og tobakkdyrking.


Cayo Coco, turistplass nr. 1. Ei øy som er kopla til fastlandet via ei 27 km lang bro. Her krydde det av folk frå Canada. Men fint var det, og veldig avslappande.


Trinidad, ein by vi hadde store forhåpningar til, men som ikkje heilt levde opp. Den var litt oppskrytt synast me, men fin likevel.

 Cienfuegos, den største øveraskinga på turen. Me haddde ingen forventningar til denne byen, og blei utroleg positivt øveraska. Ikkje berre hadde den vakre bygningar på rekke og rad, den låg også i nærheiten av fossen El Nicho som me ville besøke.


Turistplass nr.2, her fekk du meir sydenfølelse, men det var ein fin avslappning før skulestart!

Og sist men ikkje minst, Havana! Her var me innom fleire ganger i løpet av turen, og me blei meir og meir glad i byen for kvar gång. Litt slitt, men ellers ein vakker by!

Alt i alt ein veldig vellykka tur, og absolutt ein destinasjon som er til å anbefala! Me gler oss til den dagen om 10-15 år når me skal tilbake dit for å sjå kva for endringar som skjedd!