tirsdag 30. august 2011

Resultatet av feriestrikking...

...tja, når du er ute å reisar så er det ikkje så lett å prioritere strikkinga. Men denne var med meg på heile turen i USA:



Strikkeveska mi fekk seg ein rundtur i USA


Litt strikking blei det, og resultatet etter ein månad på reisefot blei dette:
Ein einsleg sokk!


Eg satsar på å komme sterkare tilbake nå i haust!

søndag 28. august 2011

Siste stopp; Las Vegas, Grand Canyon og San Diego

Ein av dei siste stoppane våre før vi kom til vår endestasjon (San Diego) var sjølvaste Las Vegas!

Denne berg og dalbanen tok vi! Den går rundt "liksom NY" :P


Las Vegas by night!

Og mens vi var i desse trakter tok vi like så godt turen inn til Grand Canyon også, noko vi absolutt ikkje angra på!


Heilt fantastisk utsikt



Det såg nesten falskt ut!


Sykklane vi reste rundt på ved Mission Beach i San Diego


Fantastisk show i Seaworld

SeaWorld

Og der var turen over for denne gong! Vi hadde det heilt fantastisk! Men nå er det tilbake til den harde røyda, også kalla kvardagen...Godt vi har bileter å sjå tilbake på! :)

Om nokon tenkar seg ut på ein slik tur er det berre å ta kontakt om dykk lurar på noko eller vil ha tips :)

fredag 26. august 2011

Highway 1 from San Francisco down to LA

Videre frå San Francisco køyrde vi bil ned til Los Angeles på Highway 1, den går heilt ute med kysten og er kjempefin! :)

 Eit stop langs highway 1

Vi sov over i Santa Barbara

Vi stoppa også i Santa Monica og gjkk på den berømte piren med tivoli :)

Eit mylder av folk!

"André, huskar du kor vi parkerte?"

Walk of fame

Disney Land

Universal studios

Hollywood!

torsdag 18. august 2011

Knitting in San Francisco!

Etter fullt kjør i nesten to veker trang vi ein dag til å slappe litt av på. Så vi starta dagen med ein kaffe (kakao) på Tulley's kafè. Mens kjærasten surfa på nettet, benytta eg sjansen til å strikke litt! 

Strikking på Tulley's Cafè

Etter eit lite pust i bakken her tok vi turen til Golden Gate Park kor vi blant anna var i ein Japansk tehage, og der måtte vi sjølvsagt ta oss ein kopp te!

Eg sit å kosar meg med ein kopp te i den Japanske hagen og visar fram min nyinnkjøpte UGLE-tekopp!

Eg heng litt etter når det kjem til kor vi er på reisa, men skal prøve å få til eit lite innlegg frå kvar av plassane vi har vore. Men i mellomtida kjem det nokon fleire bileter av kva anna vi gjorde i San Francisco:

Vi klarte å kapre oss dei to siste billettane til Alcatraz!

Lombard Street

Sykkeltur over blant anna Golden Gate Bridge. Gud veit kor mange mil vi sykla den dagen, men mange var det! (som du ser er eg dødstrøytt på bilete!)

Turen nærmar seg snart slutten, men det er ennå fleire kjekke ting vi skal oppleva! 

torsdag 11. august 2011

Yarnbombing in Seattle :)

Neste stopp etter New York var Seattle. Og for ein fantastisk by! Den er berre superkoselig med sine sjarmerende kaffesjapper, spennande butikkar og hyggelege folk. Her kunne eg lett ha budd! Vi skulle også møte nokon amerikanske venner av oss her, noko som var kjempekoselig. Vi hadde kun 3 dagar i Seattle, litt i underkant, men kjempenøgd med at vi tok med denne byen i reiseruta vår. Hotellet vi budde på var også veldig fint, utruleg hjelpsom bemanning, fine rom og bra beliggenhet. Ein fekk også låne syklar gratis, noko vi benytta oss av den eine dagen :) Så om du nokon gong skal til Seattle vil eg absolutt anbefale å bu på Belltown Inn.

Ein av dagane når vi gjekk rundt om kring og utforska byen, støtta vi på det. Yarnbombing. Eg har høyrd om fenomenet før, men aldri sett det i levande livet. Fasinerande. Yarnbombing er rett og slett når du strikkar noko som du kan kle rundt f.eks. eit tre eller ein statue. Og her var det snakk om mengder! Friska skikkelig opp :)


Gud veit kor lang tid det må ha tatt å strikka alt dette! Men kult var det :)

Slik berre fortsatt det på heile området, trær og stolpar i fargerike draktar!

Mengder på mengder med garn må ha gått med her!

Så eg tenkte, viss folk strikkar i denne byen (noko dei tydlegvis gjer) , så må det vel finnast ein strikkebutikk også? Og så såg eg skiltet:
So much yarn...


Men kva eg fann her blir eg nødd til å fortelje om i eit anna innlegg ;)

To be continued...

tirsdag 2. august 2011

New York

Byen som aldri søv...kunne ikkje vore meir sant, det er liv og røre døgnet rundt! Men eg likar det! :) Vi har nå vore her sidan torsdag, og har kun morgondagen igjen før vi reisar vidare til vestkysten. Vi har hatt det som plomma i egget, til tross for litt dårleg service på hotellet og eit såvidt OK rom, men kven bryr seg når ein ligg midt PÅ Times Square! Det er det fyrste vi ser når vi går ut av hotellet. Med både butikkar og restauranter i umiddelbar nærheit kan ein ikkje klaga.

Det har vore innholdsrike dagar, gud veit kor msange mil vi har gått i løpet av desse dagane. Det føles ut som om vi har GÅTT rundt heile Manhattan, men nå byrjar vi å rekke over dei aller fleste attraksjonane, og godt er det, for nå har vi kun ein dag igjen her. Og den skal brukast til shopping! Jippi! :D  Strikking har det blitt lite av, men det er med i kofferten iallefall ;)


Ute på Hudson River

Friheitsgudinna

Vandring gatelangs i NY

Flatiron Building

Har ikkje fått lagt inn alle bileta, men dette er ein smakebit av kva vi har sett her borte.

Ha ein fortsatt fin somar :)