mandag 24. mars 2014

FWSS-kopi

Lua var ferdig for lenge siden, men blogginga går litt treigt nå midt under årsoppgjøret! Var litt treig å komme i gong med denne lua, så den blei ferdig idet det begynnte å bli litt varmare i veret, men eg har nå fått brukt ho litt da! 


Mønster: FWSS-lue, en skamløs kopi
Garn: Angora frå Pickles
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: litt over eit nøste (ca 30 g)
Størrelse: Onesize
Eg la opp 120m på pinne 2,5 og strikka så etter oppskriften til punkt å prikke! Syns størrelsen blei kjempefin! Men den via seg litt ut etter bruk, og eg trur eg strikkar litt laust, så om eg strikkar denne om att så blir det enten med færre masker eller strikke strammare. 

søndag 16. mars 2014

Guttehentesett

Mamma spurte meg før jul om eg ville strikke eit hentesett til ein kollega av ho, og ein kan jo ikkje sei nei til mamma! Kollegaen venta ein gutt, og eg satte i gong å leite etter ei passande oppskrift. Det er så mange "jentete" hentesett, og få skikkelig "guttete" hentesett. Eg fant til slutt eit eg likte veldig godt, sjølv om det var ein smule jentete, men litt blått garn gjorde susen! Eg syns uansett at hentesett skal gjere litt ekstra utav seg, gutt som jente! Hentesetteter frå Dalegarn sitt babyhefte #277.

Sette består av jakke, lue og sokkar. Eg hadde kjøpt inn 200g garn, og satt då igjen med 19g. Men kvifor la noko garn gå til spille? Dei siste gramma blei rett og slett til eit smetteskjef! Då hadde eg kun få cm igjen av garnet, så det fekk gå!

Heile settet

Mønster: Jakke frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 3 mnd.
Garnmengde: 128g
Jakka er veldig vid i størrelsen, og er antageligvis veldig romslig! 

Tilbehøret!

Mønster: Lue frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-1 mnd.
Garnmengde: 53g gjekk til lue og sokker

Eg syns mønsteret var litt stort i størrelsen (eller eg som strikker laust), så eg laga lua i den minste størrelsen, og den blei meir enn stor nok!

Mønster: Sokker frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnmengde: 53g gjekk til lue og sokkar
Dei siste 19g gjekk til smetteskjeft som er strikka etter ein hybrid av mønsteret i Nøstebarn boka og Myk Start boka.

Mønster: Smetteskjerf frå Myk Start/Nøstebarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-1 år
Garnmengde: ca 19 g

Jakke og smetteskjerf

Retro babyrumper

Babyrumpere er i vinden for tida i strikkeverden. Når eg først fekk sjå desse rundt om falt eg pladask!  Noko så søtt! Eg byrja derfor å leita etter oppskrifter. Den fyrste rumperen eg strikka blogga eg om her, og den var strikka med utgangspunkt i ei bleietruse. Men eg fant også nokon skikkelige oppskrifter som eg har prøvd meg på.

Rumperen blei strikka i babyull frå Europris, eit garn eg kjøpte fordi eg syns fargen var så kul! Den er mørk grå og passa veldig bra til dette prosjektet syns eg.




Rumperen blei strikka på ein morosam måte, i eit stykke! Ein starta øverst på det breie partiet, felte for bein og skritt, før ein strikka den lange biten som skal opp på brystet. Null montering, plusspoeng! 


 Med kvite knappar og kvit kant rundt, syns den fekk ein retrofølelse over seg! 

Mønster: Baby Rumper & Booties (kjøpt på ebay)
Størrelse: 3-6 mnd
Garn: Babyull
Pinnestørrelse: nr. 3,5
Garnforbruk: 75g






Nydelig hentesett frå Dale

Når eg såg dette hentesettet for fyrste gong blei eg heilt forelska, mykje fordi eg trudde det var likt mønster som på lillies top som eg berre elskar. Det viste seg å ikkje vara heilt likt, men då tok eg like så godt å endra mønsteret slik at det blei likt. Det var berre små endringar på fletta som skulle til. Resultatet blei kjempefint syns eg! Sette blei strikka i størrelse 3 mnd, men sidan eg strikka det i Drops Baby Merino som har litt tjukkare strikkefastheit enn mønsteret, så er settet nok meir 4 mnd+ (tida vil vise). Dette var hovudplagget i barselgåva eg blogga om for litt sidan. 



Yndlings-flette-mønsteret mitt for tida
Buksa blei ferdigstrikka på Hawaii




Mønster: Dale hentesett # 22605
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 3mnd ++
Garnmengde: mista tellinga...

søndag 2. mars 2014

Dåpsgåve

Også dåpsgåver blir strikka her i gården, som det meste ellers! Ein slepp ikkje unna strikkedilla her i heimen! Men heldigvis ser det ut som dei fleste er fornøgd med å få strikkeprodukter i tide og utide. Eg blei kjempefornøgd med denne dåpsgåva, og det trur eg også dåpsbarnet blei (i hvert fall foreldra!)

Heile settet blei strikka i Baby Merino frå Drops, eit av mine favorittgarn, OG alt garn blei tatt frå lageret! Settet består av shorts, Bellatopp, Babybooties i perlestrikk og lettstrikka lue frå nøstebarn med vevstrikk


Vi starter med tilbehøret; babybooties og babylue:


Mønster: Red Queen Sandals frå boka "Baby booties and socks"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 20g

Mønster: Lettstrikka babylue frå Strikk til Nøstebarn
(Strikka med vevstrikk)
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 30g
 

Eg pynta både lua og sokkane med søyfe som eg strikka. Dette er veldig enkelt å lage og veldig dekorativt! Det du berre gjer er å strikke eit rektangel i den størrelsen du ønsker. Eg la opp 17 m og strikka 13-14 omganger i perlestrikk før eg fellte av. Videre tar du berre ein tråd og surrer denne rundt på midten (brett sløyfa litt fint først), og bruker tråden til å feste den på plagget. 

Bukse og topp:

Mønster: Shorts frå "Den store guttestrikkeboka"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 64g

Mønster: Bellatopp frå "Babystrik på pinde 3"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: 2,5
Størrelse: strikka 9-12 med mindre pinnar,
skikkelig størrelse ca 6 mnd
Garnforbruk: ca 74g

To fargar i hvert fall eg syns var nydelige sammen!
 Heile settet: