fredag 22. juli 2011

Det klør i strikkepinnane!

Då er eg tilbake etter to flotte veker i Italia. Me har storkost oss i Toscana og Sardinia. Må sei eg likte meg best i Toscana og kan anbefala dette reisemålet på det varmaste! :)

Utsikten frå bassenget på vingården vi bodde på

Men eg kjennar at 2 veker utan strikking er ei laang tid, så på flyturen heim var eg veldig utolmodig til å kome heim til strikkepinnane. Det einaste strikketyet eg hadde med meg var dei rosa sokkane mine som skulle bli fiksa, men dette gjorde eg før fyrste flytur.

Resultatet:



Fiks ferdig! Eg tok rett og slett å rekka sokken opp til over hullet og strikka tåa på ny. Dette funka kjempefint, men eg ser at resten av sokken også er slitt, så eg må nok strikke nye på sikt :P

Eg var også innom strikkebutikken som stenger om kun få dagar for å sjå om det var noko igjen eg kunne ta med meg. Og sjølvsagt fann eg noko, og til ein billig penge!


Så nå er eg i full gang med å plalegge strikkeprosjekta framover, med så mykje garn veit eg nesten ikkje kvar eg skal starta!

På neste tur skal eg iallefall ha med eit strikkety på lur i veska! :)

onsdag 6. juli 2011

Ein litan bloggpause...

...pga. feriereise! :D

I morgon fyk eg av gårde til Italia, og ettersom eg ikkje har med meg dataen, tvilar eg på at det blir stort til oppdateringar. Minimalt med strikkety har fått vore med, så det er antagelig ikkje så mykje å blogge om likevel. Men kose meg, DET skal eg :) Skal bli utruleg deilig å få reist litt igjen, og eg gledar meg veldig, spesielt sidan det er fyrste gong i Italia.

Men eg har nokon nye "korleis gjer du..." innlegg på gong som dykk kan glede dykk til når eg kjem tilbake frå all reisinga mi, det vil blant anna kome innlegg om korleis ein monterar armar, korleis ein strikkar selbuvott, korleis ein strikkar to sokkar på ein gång med meir! Så stay tuned! ;)

I mellomtida skal eg kose meg blant anna her:

Vakre Toscana!

God ferie til dykk alle :) 

mandag 4. juli 2011

"I will always buy extra yarn. I will not try to tempt fate."


Sånt går det når strikkegale personar går på opphørsalg! 

Det blir antagelig eit par turar til før butikken sluttar av heilt :P
Kan ein eigentleg få for mykje garn? I don't think so!

søndag 3. juli 2011

Sokkekrise, hjelp!

Det er blitt hol i mine favorittsokkar!!


Hol, same plass på begge sokkane...

Eg har alltid trudd at det var hælen som skulle ryke fyrst, men den gong ei! For denne er like intakt endå.

Nokon som veit korleis eg kan fikse dette (utan å strikke nye sokkar)?

Mitt fyste hekleprosjekt; bordskånere!

I helga lærte eg meg å hekle. Rett og slett fordi eg hadde lyst på slike bordskånere: 

Syns desse blei rektig så fine, men desse skal gis vekk.
Skal hekle nye til meg sjølv :)

Mønster: Borskånere - gjør det selv
Garn: Tysil bomullsgarn
Heklenål: nr. 3

Det er mønsteret til Bad Monkey eg har brukt, veldig god oppskrift med bilete som visar steg for steg. Perfekt for ein nybegynnar. Eg har ikkje fulgt oppskrifta heilt, eg kutta ned på omgangar då eg ville ha desse passande til glas og krus. Eg har heller ikkje hekla ein ekstra bordskåner i einsfarga for å få han dobbel, tenkte at dette ikkje var nødvendig når det varmaste som vil stå på er ein kopp te :P

Utruleg kjekt å kunne laga desse sjølv, i akkurat dei fargane ein vil ha, og enkelt var det også, sjølv for ein nybegynnar. Fin gåve å gi bort. Desse blir det nok fleire av ja! :) 

fredag 1. juli 2011

Uglefin bursdagsgåve :)

Nok ein ferdig ufo, og denne blei gitt i bursdagsgåve til systera mi i går:

Mønster: Owl socks
Garn: Karisma frå Drops
Pinne: nr. 2,75