søndag 27. januar 2013

Ei voksen uglelue

Til jul fann eg ut at eg ville lage ein litt morosam gåve, så eg laga uglelua i voksen versjon og gav den til svigermor!

Hoot Hoot!

Mønster: ChoulettePinne: nr. 6
Garn: Eskimo
Størrelse: voksen
Lua blei godt tatt imot, og blir brukt som berre det ;)

onsdag 23. januar 2013

Bellavottar, i kortversjon

Eg har laga Bellavotten fleire gonger, for desse syns eg er så fine! Men denne gongen prøvde eg å laga ein litt kortare versjon. Dei blei likevel veldig fine og mulig litt meir praktiske. Fordelen med å strikke dei i kortversjon er at det kun trengs 2 nøster og ikkje 2,5 :) Eg starte på omgong 16 slik som det stod i oppskrifta. 
Bellavottar i lyngfarge



Mønster: Bellavotter, kortversjon
Pinne: nr. 5
Garn: Alfa
Garnmengde: 2 nøster

søndag 20. januar 2013

Nytt besøk hos Pickles

Før jul tok eg meg ein tur til Pickles for å kjøpe inn garn til nokre nye prosjekt.

Pickles, uansett ver!

Nyinnkjøp garn. Det har allereie påbegynt prosjekt av noko av dette garnet :)
Når eg var det borte så var det konkurranse kor ein kunne vinne ei pickles nye favoritter bok, og trur du ikkje at eg vann? Eg har boka frå før, men ho skal nok komme til nytte på eit vis denne boka også :)

mandag 14. januar 2013

Bursdagsgåve

til meg! :)

I fjor, eller nå blir det vel forfjor, så fekk eg ei kjempefin lue av systera mi, vaffellue frå Pickles. Systera mi var då så snill at ho gav meg lua som ei "fest-trådane-sjølv-lue". Kjempesuksess å gi det til ei som har angst for å feste trådar. Resultatet var at trådane fyrst blei festa når vinteren kom til Oslo, dvs. 1,5 år etter eg fekk ho. Då blei behovet for noko varme på hovudet for stort, og eg måtte gi etter. Men lua var kjempefin den altså!

Vaffellue i fin lyngfarge

Mønster: Vaffellue frå Pickles
Garn: Smart
Neste gong håpar eg på ferdigfesta trådar...

lørdag 5. januar 2013

Ny favorittvott!

Eg fann dette mønsteret for lenge sidan, men ein får ikkje alltid tid til å strikke alt! Men nå når kulda kom inn over Oslo tenkte eg at det var på tide med nye vottar. Så eg satte i gong og dei vottane i grått blei til, og det i superfart! Eg brukte kun ein kveld for å bli ferdig med dei, herlig! Så då strikka eg lika så godt eit par til og gav dei til mamma til jul. Trur dei falt i smak :)





Mønster: Staff-mittens
Pinne: nr. 5,5
Garn: Nepal frå Drops
Garnmengde: ca 1,5 nøste
Størrelse: Dame
Mitt tips til desse vottane, spesielt om du strikkar dei i Nepal er å gå ned en pinnestørrelse på vrangborden. Det gjorde eg ikkje på det fyrste paret og syns den blei litt laus og "slufsete", blei mykje betre når ein strikka den på litt mindre pinnar.

Etter å ha strikka dessa vottane så kom eg på ein idé om lage min eigen versjon av desse. Håpar berre tida strekk til...