søndag 30. oktober 2011

Oppskrift på flettelue á la Marie

NB! Eg har oppdaga ein feil i dette mønsteret etter tips frå ein lesar. Har ordna dette og trur det nå skal vera rett. Om nokon prøvar mønsteret er det fint om dykk seier frå om dykk finn meir feil :) /Strikkeguri 19.01.2013

Her kjem oppskrifta på lua eg strikka ei stund tilbake. Denne oppskrifta har eg laga sjølv, og tenkte derfor at eg skulle dele den med dei kjekke lesarane mine! Eg blir kjempeglad om nokon strikkar ho og visar meg bilete av den til meg etterpå, f.eks. på bloggen din, syns det er kjekt å sjå korleis andre tolkar oppskrifta mi ;) Benyttar du oppskrifta ber eg deg om å linke til mi side, og venligst ikkje kopier oppskrifta og legg ho ut på din blogg, link heller til min :) 

Oppskrifta er meint til privat bruk og ikkje videresal!


Lua er one size, trur den vil passe til dei fleste, iallefall damer :)

Det du treng for å lage denne lua er:
Garn: Freestyle ca 3 nøster (eller tilsvarande garn med strikkefasthet på 17m per 10cm)
Rundpinne nr. 5 og strømpepinnar (til toppen)
Ein omgangstellar kan vera smart også

Forklaring til forkortelsane:

r - strikk rett maske

v - strikk vrang maske

6mV - ta 3 masker på ein flettepinne, strikk dei 3 neste, strikk så dei 3 maskene på flettepinnen.

2rsm - strikk to masker saman


Her er sjølve oppskrifta:

Legg opp 104 masker på pinne nr. 5 og strikk etter oppskrifta nedanfor:


Omg. 1-37: [1r, 1v] heile runden.
Omg. 38-43: [6r,1v] x 15, øk 1 maske i starten til 105m
Omg. 44: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV,1v]
Omg. 45-50: [6r, 1v] x 15
Omg. 51: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 52-57: [6r, 1v] x 15
Omg. 58: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV,1v]
Omg. 59-64: [6r, 1v] x 15
Omg. 65: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 66-71: [6r, 1v] x 15
Omg. 72: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV, 1v]
Omg. 73-78: [6r, 1v] x 15
Omg. 79: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 80-85: [6r, 1v] x 15 Reduser med 1 maske siste omgang
Omg. 86: [2rsm] heile omgangen
Omg. 87: En omgang rett
Omg. 88: [2rsm] heile omgangen


Her gjeld det å tunga rett i munn, slik at du til ei kvar tid veit kva omgong du er på ;)

Etter omgang 88 snørper du berre saman toppen og festar tråden. Til slutt kan du gjerne lage ein dusk til toppen :)

Vrangborda, dei fyrste 37 omgangane skal brettast slik at du får dobbel kant. Du kan redusere antall omgangar her om du vil ha ein smalare kant.

Håpar lua fell i smak sjå nokon av dykk, eg likar iallefall mi kjempegodt :)

God strikking! :)

lørdag 29. oktober 2011

Monsterkurv

Slik kan det gå...


 Mønster: Garnkurv
Garn: Hubro
Pinne: nr. 12 

Garnkurven blei ein smule større og slappere enn kva som var meiniga.Straffa for å ikkje bruke same garn som i oppskrifta! Eg fekk meg iallefall ein god latter når eg såg resultatet. Den såg ikkje ut som på bilete til oppskrifta for å sei det slik! Men heldigvis har eg ei venninne som trang ein stor garnkurv, så trur ho skal få den. Eg suns den liknar meir på ein hundekurv! Men eg får prøve igjen, og strikke litt strammare :P

Eg har også vore på shopping, på ein stooor garnbutikk ute i Åsane, eg visste ikkje at den var der eingong! Der tar eg nok fleire besøk :)


Garnkurven ovanfor var eit pauseprosjekt frå kva eg eigentleg held på med for tida. Det tar litt tid ser du! I fare for å røpe ei julegåve vil eg ikkje sei kva det er endå, men eg kan sei at det inneber tynt garn og tynne pinnar...! Slikt tar tid!

Her er fargane eg stikkar med


Eg såg ein genial ting på ein blogg her ein dag, og det var å putte garnnøsta inni ein pose med lukking. Det hindrar kluss med trådane når du strikkar med fleire fargar, pluss garnnøstet kjem ikkje på avveie når du strikkar på toget eller flyet :)

Eg fekk også ein pakke i posten for litt siden, der var det heklepinnar! Alle er ikkje til meg altså, eg bestillte for fleire :P Dei er gode å hekle med (syns eg iallefall) og dei kostar berre 20 kr ca for ein pakke med 5 størrelsar. Genialt!


Eg fekk også små strikkepinnar i bambus i posten i går, men dei har eg ikkje tatt bilete av :P

Ha ei god helg allemann! :)

torsdag 27. oktober 2011

Søte mini-selbuvotter!







Mønster: Babyvott i heftet Selbustrikk
Garn: Babyull
Pinne: 2,5
Størrelse: ca 1 år

Desse søte mini-selbuvottane er til å ete opp! Dei er berre så nusselege!
Eg gler meg til å gi desse bort :) 

onsdag 26. oktober 2011

1-års dag på bloggen!

Tenk at det faktisk er eit heilt år sidan eg starta bloggen min i dag! Det har gått heilt utruleg fort :) Men eg likar det! Eg set utruleg stor pris på den gode responsen eg har hatt på bloggen, og håpar at folk vil fylje med på bloggen i det neste året også :) Eg kjem iallefall uansett til å strikke, for strikkedilla ser heller ut til å øke enn å avta ;) Og om du skulle ha nokon kommentar til ting du vil sjå meir/mindre av på bloggen, ris og ros, tar eg det imot! :) Alltid gøy å høyre kva andre suns om bloggen din.

Men ettersom det er sjølvaste 1-årsdagen til bloggen, lova jo eg å foreta trekning av giveawayen. Og det har eg gjort! Eg benytta random.org til å foreta trekninga, og vinnertala er.... 8 og 16! 

Dvs. at vinnaren av strikkeveska er:


Og vinnaren av strikkepinne-etuiet er:


Gratulerer begge to!
Om dykk berre sendar meg adressa dykkar på mail til meg skal eg få sendt gåva i posten snarast! Og til dykk andre; betre lykke neste gong, for det kjem nok fleire moglegheiter :)


GIVEAWAY, siste sjanse!

I kveld trekkes giveawayen. Har du framleis ikkje meldt deg på, så er dette siste sjanse!

Du kan vinne dette:



Trykk her for å komme inn på innlegget hvor du melder deg på! :D

Lykke til alle saman! :)

mandag 24. oktober 2011

Korleis strikke ein selbuvott?

Endelig. Her kjem innlegget om korleis strikke ein selbuvott :P Eg veit at dette har vore lova lenge, men ting tar tid!

Mange av dykk kan det å strikke selbuvottar, men til dykk andre som ikkje har våga å begi dykk ut på det ennå, så er kanskje dette innlegget til hjelp :) Det er eigentlig ikkje så vanskelig, men oppskriftene kan ofte vera litt vanskelege å forstå fyrste gong da det ofte blir forutsatt at du veit korleis ting og tang skal gjerast.

Start med å legge opp masker etter oppskriften.





Strikk så rundt og rundt etter oppskriften til vrangborden er ferdig


Ferdig vrangbord! Då skal du starta på sjølve mønsteret

Dei fyrste omgangane er rett fram, men etter kvart skal du lage ein tommelkile. Det er merka på oppskriften når denne skal påbegynnes. På bilete ser du korleis votten som regel ser ut rett før du skal starte på tommelkilen:

Når ein skal lage tommelkilen er det så vidt eg veit to måtar å gjere dette på. Det kjem litt an på korleis du vil at han skal sjå ut. Eg pleier å velge den metoden som gjer at den får rette lingjer på sidene (til høgre), men nokon oppskrifter legger opp til at lingjene skal bli "hakkete" (til venstre), se på bilete nedanfor.




I dette eksempelet visar eg korleis du lagar den til høgre. Strikk bort til og med den svarte maska, dvs. den fargen i ditt tilfelle som "rammar inn" tommelkilen. Ta så opp ein tråd mellom dei to maskene, eg pleier å strikke den vridd for å unngå hull. Dette kan gjerast ved å tre den innpå pinnen vridd (bilete 2) for så å strikke den vanleg. Du har nå øka på den eine sida.

Strikk så over de neste maskene, t.o.m. maska før den svarte maska(bilete 1). Gjer det same her, ta opp tråden i mellom maskene (bilete 2), og strikk den vridd (bilete 3 og 4).

Om vil gjere det på den andre måten, slik at lingjene rundt kilen blir "hakkete", gjer du set same, men du øker ei maske før. Dvs. istadenfor å strikke tom. den svarte maska, strikkar du tom. maska før den svarte maska, og økar så ei maske (som du må strikke svart) strikk så over tom. den svarte maska og øk igjen. 




Fortsett å øke etter mønsteret fram til kilen er ferdig. 
Ferdig tommelkile.

Når tommelkilen er ferdig, skal du på neste omgang setter bort desse maskene på f.eks ei sikkerheitsnål, det er oppgitt i oppskrifta kor mange masker som skal settast av.
Før du strikker vidare må du nå legge opp nye masker. Stort sett skal du legge opp like mange masker som du satt på sikkerheitsnåla, men det kan variere og då står det i oppskrifta. 


Det er fleire ulike måtar å legge opp nye masker på, inntil nyleg benytta eg denne metoden:


Du lagar enkelt og greit ei løkka som du trer innpå pinnen og stramma til. Enkelt og greit. Men det er ein ny metode som eg har byrja å bruka i det siste som gir litt finare resultat. Eg har ikkje bilete for å vise denne, men eg har funne ein video som visar ca slik eg gjer det:



Videoen visar to ulike metodar, begge kan fint brukast, og dei er nokså like dei to metodane eg brukar. Men det er noko liknande metode nr. 2 som eg brukar nå for tida :) Det er også mogleg å strikke inn ein tråd, eg har laga eit innlegg her som forklarer korleis ein gjer det. 

Slik ser det ut når du har lagt opp masker og strikka eit par omgonger:



 Nå er det berre å fortsette å strikke etter mønsteret, rundt og rundt, til du skal begynne å felle i toppen. Då ser den ca slik ut:


Når du skal felle skal du gjere dette 4 gonger i løpet av ein omgang, to gonger på framsida og to gonger på baksida. Det som ofte blir finast er om ein lar stripene som går opp langs sidene (forutsatt at votten din har det) fortsette i fellingen. Om du ser på den votten eg visar på bilete her ovanfor har den 3 striper i sida, ei med annakvar kvitt og svart med ei svart stripe på kvar side. I dette tilfellet lar eg den stripa med annakvar svart og kvitt vera slik ho er heilt opp til topp, mens eg fellar på det to svarte stripene, slik at dei på ein måte rammar inn votten. (sjå nedanfor på bilete, litt vanskeleg å forklare). 

Ettersom du skal felle to gonger på framsida og to gonger på baksida, startar du med framsida. Som regel vil det sei at du må strikke to masker på den fyrste pinnen før du startar å felle, men dette varierer frå oppskrift til oppskrift. Men ser du på bilete 1, strikker du t.o.m. den midterste maska på dei 3 stripene på sida, klar til å felle! Det gjer du med å ta neste maske (den svarte maske i "sidestripene") laust av, for så å strikke ei maske til (i svart), for så å trekke den du tok laust av over den du nettopp strikka. (høgre felling)

Deretter strikkar du bort over votten til du kjem til neste "stolpe". Då strikkar du to masker saman, den fyrste svarte maska i "stolpen" med maska rett før "stolpen" (venstre felling). Strikk så den midterste maska, før du skal felle igjen på neste svarte maske. Nå skal du felle som likt som du gjorde fyrst (høgre felling). Strikk igjen over til andre sida, og fell med å strikke to saman (venstre felling).


Det er litt knotete å forklare med ord, det er mye letter å vise det fysisk :P Men her er ein liten oppsummering av fellingen, som kanskje gjer det noko meir oversiktlig:

Du feller 4 ganger per omgang. Desse 4 fellingane foregår på kvar side av "hovedstolpen" som i mitt eksempel er den som har anna kvar svart og kvit maske langs heile sida på votten. Når du feller skal du alltid strikke same farge som "stolpen" din, slik at du får på ein måte ein kant(stolpe) som får gå langs heile sida og fortsetter skrått heilt til topp (i dette tilfellet svart). Du feller på forskjellige måtar på høgre side og vestere side av votten for få til den fine spissen på votten. Av dei 4 fellingane er to på framsida og to på baksida og det er då fyrste og tredje felling som er høgrefelling, og andre og fjerdefelling som er venstrefelling. Slik fortsetter du kvar omgang (med mindre oppskriften din seier noko anna) til det er typisk 8 masker i gjen før du snørper saman, men dette kan variere fra oppskrift til oppskrift.


Ferdige selbuvottar :)

Når du er ferdig med votten og du har snurpa saman, strikk ein til lik, men husk å strikk tommelen på MOTSATT side, slik at du får både ein høgre vott og ein venstre vott :)

Er dette i det heile tatt forståeleg?
Er litt vanskeleg å forklare på ein blogg, mykje lettare å visa i røynda, men eg håpar at når dykk held på med ei oppskrift kan dykk bruke dette innlegget som eit supplemang, og kanskje det vil oppklare ting du ikkje forstår i oppskrifta :) Men uansett, gi meg tilbakemelding om du forstår forklaringa, eller om noko fortsatt er uklart, så skal eg prøve å få det meir klart :)



fredag 21. oktober 2011

Mariuslue Arne og Carlos style


Mønster: Mariuslue i heftet nr. 239 fra Dale Garn 
Garn: Freestyle
Pinne: nr. 4,5 og 5
Størrelse: Unisex 

Lua blei ein overraskelsesgåve til kjærasten min. Han blei kjempeglad for ho, og den passa perfekt! :) Syns lua er kjempekul, og den går megafort å lage, det går fort unna på pinner nr. 5! Kanskje eit julegåvetips? Og den er like fin til jente som til gut :) Kjem godt med når vi går mot kaldare tider!


Ha ei strålande helg alle saman,
og kos dykk med strikkepinnane :)
Det skal iallefall eg! 

torsdag 20. oktober 2011

Pickles & Dolk

Atter ein gong tilbringer eg helga i Oslo. Slik blir det når kjærasten din flytter frå deg før du er ferdig på skulen :P Men fordelen er at då kunne eg gå når Pickles har åpent lager:



Mykje supermjukt garn!

Beklager dårlege bileter, men kameraet mitt ligg i Bergen...fargane kjem derfor dårleg fram her.
Garnet er kjøpt inn til eit framtidig prosjekt, men må nok få unnagjort julestrikken før det er tid til egostrikk igjen :P Eg er tross alt student, så det er berre den eine fargen som er min, den andre er kjøpt for systera mi :) Vil ikkje røpe nå med ein gong kva det skal bli av det, men noko fint og varmt er det ;)



Over til ein ikkje strikkerelatert ting; I går fekk eg kjupt meg eit bilete! Har hatt lyst på dette bilete ei lita stund nå, men det har ikkje vore å fått tak i, fram til i går. Så då slo eg til og er kjempenøgd :) Må jo ha noko fint å pynte med i den framtidige leiligheten vi skal kjøpe ;)
Bilete er laga av Dolk. 

Mushroom Girl

Kva syns dykk?



tirsdag 18. oktober 2011

1 års-jubileum = GIVEAWAY!

Om ei vekes tid er det 1 ÅR sidan eg starta bloggen, og sjølvsagt skal det feirast! Så i denna anledningen skal eg ha giveaway! Jippi! Og denne gongen er det dette du kan vinne:

 Strikkeveske og strikkepinneetui!

Det vil denne gangen være TO premier, og TO vinnarar. Den eine vil få strikkeveske, mens den andre vil få strikkepinneetui :) Sidan det er så mange flinke så strikkar, men som ikkje alltid er like glad i å sy, blei det sydde ting også denne gongen. Desse to tingene har falt veldig godt i smak både hos meg og dei som har fått det i gåve frå meg, dei er så praktiske! :) 

Premie # 1 - Strikkeveske

 Premie # 2 - Strikkepinneetui!

Reglene for å få lodd er som følger (slik som dei som regel alltid er):

Du kan til sammen få TO lodd.

Du får 1 lodd for å kommentere på bloggen.

Du får 1 lodd for å linke til meg på bloggen din,
gjerne med bilete av giveawayen.

Den som blir trukkett ut fyrst vil få strikkevesken, og den som blir trukket ut som nummer to vil få strikkepinneetuiet. Om du heller skulle foretrekke strikkepinneetuiet fremfor strikkevesken kan du skrive det når du kommenterer på bloggen. Husk å skrive kor mange lodd du skal ha i kommentaren. 

Vinnerene vil bli trukket ut onsdag 26/10

det er samme dato som eg oppretta bloggen :) 

Lykke til!

mandag 17. oktober 2011

Alpakkafest!

Tenkte berre at eg skulle formidle at Drops har Alpakkafest, der du får 25% på all alpakka :) Eg blir alltid så irritert når eg i ettertid finn ut at eg har gått glipp av eit sal, så for å unngå at andre som hadde trengt litt alpakka blir det, så opplyser eg om det her :) Salet varar ut året, så løp og kjøp!



Nokon som har tips til kva ein kan strikka av alpakka? Har så lyst å kjøpe litt garn, men må nesten vete kva eg skal bruke det til :P

søndag 16. oktober 2011

Of Course I Made It!


Of course I made ithope you like it
after all the time and thought I put in to it
YOU BETTER!

Hua eg designa sjølv er nå heilt ferdig etter nok eit par justeringar, må sei at eg blei nokså nøgd med sluttresultatet :)

Planen er å dele mønsteret her på bloggen så snart eg får tid til å skrive eit skikkelig mønster, om nokon skulle vera interessert i å strikke denne! :)

torsdag 13. oktober 2011

Min fyrste genser med rund sal!

..og den er sjølvsagt strikka i mariusmønster!





Eg går aldri lei av mariusmønsteret!

Mønster: Marius med rund sal frå Tema 10 - Barn/klassikere
Størrelse: 2 år
Garn: Dobbel Babyull
Pinne: nr. 2,5 og 3
  
Dette var kanskje den fyrste genseren min med rundfelling, men definitivt ikkje den siste! Det var superdeilig å sleppe å montere etterpå, det gjer arbeidet med genseren så mykje lettare! Og ikkje minst mindre tidkrevande :) Denne blir gave til ei lita søt jente :)

onsdag 12. oktober 2011

Korleis montere armar?

Det er ein kjennssak at strikkarar vegrar seg når dei må kluppe i strikkeriene sine (meg sjølv inkludert), og gruar seg ofte til monteringa av genser ol. Men etter å ha montert heilt åleine for fyrste gång, så er skrekken kurert! Tenkte derfor å dela mine tips med dykk, i tilfelle nokon av dykk skulle ynskje nokon retningslingjer til når dykk skal montera for fyrste gong.


Det fyrste ein må starta med er å maske saman skuldrene på genseren eller kofta. Den metoden som gir finast resultat (syns eg) er kitcheners stitch som vist på denne videoen:


Eg syns denne videoen er veldig god og det var slik eg lærte meg denne metoden :)

Ferdig samansydde skuldrer

Ein må ofta dra litt i tråden etterpå for å jevne ut stringa elle stramme til, slik at maskene sklir finare saman.

Når dette er gjort må ein byrja å gjera seg klar til å klyppe. Ein må då finne ut kvar armen skal vera, dette står som oftast i mønsteret. Det er ein fin hjelp å ha satt ein hjelpetråd på. Eg valde å sy slik at eg hadde 2 masker på kvar side av hjelpetråden, til saman 4 masker.

Sy med små sting!

Eg hadde stilt inn på 1,5 på min symaskin (veit ikkje om alle har like mål da men) Eg sydde så ned langs dei to maskene så langt armen skulle ned, så sydde eg tvers over til eg hadde sydd over alle 4 maskene (hjelpetråden i midten) og opp ytterts ved dei to maskene på andre sida. Litt vanskeleg å forklara, men du syk på ein måte ein u, berre at den er firkanta nede i stede for ein bue. 


Eg har her to masker på kvar side av hjelpetråden, og sømmen går då over 4 masker.


Når du har sydd dette er det berre til å hoppe i det og kluppe opp! (husk for all del å kluppe opp mellom dei to sømmane, slik at det ikkje raknar)

Etter at det er klyppa opp sydde eg ziggzakk sting langs den oppklipte kanten, berre for å vera sikker på at det ikkje skulle rakne. 

Vreng så genseren/kofta på vrangen og fest på armen. Pass på at oppsida og indersida av armen kjem på rett plass. Så er det berre til å sy den fast. Når eg sydde på armen sydde eg slik; sy eit sting, når du syn neste sting går du tilbake ca halvparten av det forrige stinget, slik at stinga overlappar i kvarandre litt, og slik fortsett du heile vegen rundt (også kalla attersting har eg funne ut i ettertid). Dette gjer at sømmen blir meir elastisk. Litt dårlig forklaring, men berre til å spørre om du er usikker.


Brett så beleggkanten over sømmen og sy fast. 

Gjer det same på den andre armen, og fiks ferdig!



Då er det berre å setta i gong med å strikke hals og eventuelt stolpar om det er kofte du lagar :)

Håpar denne forklaringa kjem til hjelp for nokon av dykk :)

Husk at det berre er til å komme med forslag om det er noko dykk vil at eg skal visa :) 

mandag 10. oktober 2011

Strikkemagasin


Når eg kom heim frå Oslo i går, låg dette i posten og venta på meg:

Strikkemagasin

Dette har eg venta på lenge! Bestilte når det var eit slik tilbod der du kunne få 3 blader for 59, 50. Kjempekupp syns eg :) Har aldri sett i dette bladet før, men dette er eit blad eg vurderar å abonnere på fast. Det var mykje kjekt inni det og eg gler meg til å sjå kva som kjem i dei neste blada :)