mandag 31. desember 2012

Året som gjekk!

Då er det kun timar som gjenstår av året 2012, og då er det det perfekte tidspunktet til å sjå litt tilbake på kva som blei laga i løpet av året. Som vanleg er det produsert massevis, og her er eit lite utval frå året som gjekk:

Strikkeåret 2012
Det var ikkje absolutt alt som fekk plass her, men ein god del i det minste.
Og med dette så vil eg ønske alle mine lesarar eit Godt Nytt År! Og håpar med bloggast inn i det nye året! :) 

tirsdag 25. desember 2012

Flettepannebånd...i fleng!

Det var fleire som fekk slike under treet i går. Slik går det når eg finn ei så enkel og fin oppskrift! Og fin måte å få kvitte seg med litt restegarn på :)

Det sjette gløymde eg å ta bilete av, og eg gidda ikkje pakke opp igjen!

To i grått

Og 4 i lysebrunt

Fletter!

God jul alle mann!

fredag 21. desember 2012

Eit raudt skjerf

Når du gir eit gåvekort som seier at eg skal strikke det bursdagsbornet ønsker, så må du ta det du får. Du ber jo om det. For denne bursdagsjenta ville ha eit skjerf. Og det skulle vera raudt. Og langt! Og i rillestrikk. Wohoo! Verdas mest keisame strikkeprosjekt... Men resultatet blei i det miste bra og med tjukt garn og pinnar så gjekk det heldigvis unna! :)

Hallveis, og det ville ingen ende ta! 
Men det blei i alle fall langt nok håpar eg
Eller kva?

Eg lagde slike tustar på enden for å sprite det litt opp

Langt, langt skjerf

Mønster: Fri "fantasi"
Garn: Eskimo 7 nøster trur eg
Pinne: nr. 8
Eg brukte ingen oppskrift men om du skulle ha lyst å lage eit slikt ett så gjer du slik:
  • Kjøp inn tjukt garn, gjerne Eskimo frå drops. Det er billig og det klør ikkje noko særleg. Til så langt skjerf eg har laga gjekk det ca 7 nøster. 
  • Legg opp x antall masker på pinne nr 8. Du legger opp til du syns det er breit nok. Eg trur eg la opp rundt 25 masker.
  • Strikk til du går tomt for garn. Eventuelt la det vera litt igjen og sett på "tuster" på endane. Fell av og voila! 
Enkelt og greitt! 

God strikking!


lørdag 15. desember 2012

Uglemor har kome på besøk, og ho har med vin!

Jada, jada, dårlig med blogging bla bla bla. Eg tar ingen ansvar! Det lar eg jobben min ta!

Men sjekk den nye ugla mi! Dødskul! Falt pladask når eg såg ho fyrste gong og måtte berre setta i gong med strikkinga. Og best av alt, ho har med seg vin!

Vinugla før toving


Vinugle etter toving


Vinugla pyntar så fint opp i stua mi :)

Vinkranen har ho gøymt under vinga :)


Mønster: Heftet Tema 32 Toving
Garn: Fritidsgarn
Pinne: nr. 6 og heklenål nr. 5

Eg brukte litt meir brunt enn kva som stod i oppskrifta,
og måtte derfor kjøpe eit ekstra nøste.

Eg og vinugla mi vil med dette ønske alle lesarane mine ei riktig fin helg!

søndag 2. desember 2012

Love mittens

Kjærastevott, bryllupsvott, kjært barn har mange namn. Dette er andre gong eg strikkar denne type vott, den fyrste blei litt vel arbeidskrevande (alle trådane er fortsatt ikkje festa...), så denne gongen gjorde eg det litt enklare for meg sjølv. Kun to fargar og ikkje tre. Det gjorde jobben utruleg mykje betre.

Vottane er strikka i anledning bryllup og eg har derfor prøvd å gjere dei litt meir personlige. Jentevotten har fått forbokstaven til sin mann, mens guttevotten har fått forbokstaven til sin kone. Fellesvotten har fått bryllupsdatoen på den eine sida. Som dykk sikkert ser så var bryllupet for ei stund sidan, så eg er litt seint ute, men men. Vi skulle ha vore i bryllup i USA i sommar, men dette passa ikkje med jobb, men gåve må dei få! Desse blir shippa over til USA i løpet av veka håpar eg, det byrjar vel å bli litt kaldt der også nå. 

Guttevott - K -

Guttevotten er strikka i grått med kvitt mønster

Jentevott - R -

Jentevotten er strikka i kvitt med grått mønster

Fellesvott, sjølvaste kjærastevotten


Fellesvotten er grå med kvitt mønster på den eine sida og motsatt på den andre sida. 
Mønster: Kjærestevotter fra Raumagarn LVS-3
Garn: Trysilgarn superwash
Pinne: nr. 2,5 og 3
Eg blei kjempeførnøyd med resultatet, håpar dei nygifte også blir det :)

lørdag 24. november 2012

Her var eg i helga som var!

Endeleg fekk eg tatt turen innom her etter nyåpninga:

Just around the corner!
Kom inn, kom inn!
Koselig liten butikk :)

MYKJE garn!

Og mange bøker! Julegavetips nr. 1!

Eg måtte sjølvsagt sjå og kjenne på dei fine plagga

Butikken ligg vegg i vegg med det rommet som var "butikken" deira før, men det nye rommet er ein del større. Det var mykje som frista, og det blei sjølvsagt med noko i posen heim ;) 

På tide å gå, før eg ruinerar meg heilt!

lørdag 10. november 2012

Uglelue, hoot hoot!

Nokon gonger finn du noko du berre MÅ strikke, og du slepp alt anna du har i hendene og sett i gong. Slik hadde eg det med denne ugle lua. Når eg såg denne på bloggen til monstermønster var det fyrste eg gjorde dagen etter å kjøpe garn og mønster. Lua blei strikka på ein kveld. Tjukkt garn, tjukke pinnar og eit lite hovud, perfekt kombo. Resultatet blei kjempekult!

JA, det er ei DUKKE (faktisk ei porselensdukke)

Hoot Hoot!

Mønster: Chouette
Garn: Eskimo
Pinne: nr. 6
Størrelse: 1-3 år
Garnforbruk: litt over 1 nøste

søndag 4. november 2012

Mi superdeilige lavendeljakke

Påstarta i februar, fullført i oktober. Det viktigaste er no at ho er ferdig da! Den låg veeeeeeldig lenge nesten ferdig, mangla kun ein arm. Men så satt kulden inn her i Oslo, og eg fekk plutselig veldig trang til å fullføre den. Og det gjorde eg! Jakka er strikka i halvpatent og det gir så fin effekt! Garnet er abuelita tjukk merino frå Pickles, og det er supermjukt. Einaste ulempen er at det loar litt... 

Har endra litt på oppskrifta; den er strikka noko lengre enn kva oppskrifta sa, armane er strikke rundt og rundt og ikkje att og fram, og armane er også strikka lengre enn i oppskrifta :) 

Supermjuk og deilig jakke

Himalaga lappen må på

Høst!




Mønster: Lavendeljakke
Garn: Albuelita tjukk merino farge Gråpus trur eg
Pinne: nr 7
Garnforbruk: ca 5 100gramsnøster 

Ps. Vottane eg har på meg har eg blogga om her.

onsdag 31. oktober 2012

Prikken over i'en!

Husker dykk denne jakka? Eller denne? Eller denne? Eller kanskje denne? (JA, det byrjar å bli ein del jakker etter kvart, men dei er jo så søte!) Kva har dei alle til felles? Jadda, null knappar! Eg har alltid vore ein ubesluttsom person, og dette er intet unntak! Men nå måtte eg berre ta ein sjefsavgjørelse og få på nokre knappar på dei stakkars jakkene :P 

Sjå så fin med knappar på!
Brom brom!

Kule bilknappar :)

Sukkersøt jakke :)
Fin fin lilla rillejakke
Tru det eller ei, så har eg faktisk TO jakker til som eg har festa knappar på, men har ikkje fått tatt bilete enda. Er ikkje så lett når det allereie er mørkt når eg kjem heim frå jobben, får bli til helga! :)

fredag 26. oktober 2012

Babytrøye

Sjå kva eg fann! Denne trur eg at har ligge i skapet sidan i somar. Det einaste som mangla var å sy saman sidene og sidan eg hadde "bli ferdig med liggande strikketøy helg" for litt sidan, så blei denne ferdigstillt! Den er jo supersøt. Sjølvsagt utan mottakar, som det meste eg strikkar, så den blir nok liggande i kurven ei stund til. Ulempen med å la ting ligge så lenge før dei er ferdige og kjem på bloggen, er at eg gløymer ut fakta som pinnestørrelse... Eg veit heller ikkje heilt kva størrelse han er, så det får bli ein barselgåve ein gong, så er eg sikker :P Den er ikkje så stor, men er veeeldig stretchy :)


Oppskrift: Babytrøye frå "Strikk til nøstebarn"
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: Nr. 4, trur eg.
Størrelse: Usikker...
Og nå er det endelig heilg! Eg har jobba laaange dagar kvar dag denne veka, noko som har resultert i null strikking. Fekk skvisa inn EIN omgong i går før eg hoppa i seng, men thats it! Så nå har eg benka meg til å i sofan, og aktar ikkje flytte meg. Nå skal det strikkast! GOD HELG! :D

fredag 19. oktober 2012

Verdas søteste kjole/tunika

Dødssøt. Det er det einaste ordet eg kjem på for å beskrive denne kjolen/tunikaen.







Mønster: Elvira
Garn: Babyull fra Gjesdal
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 2 ++ år
Eg elskar slike strikkeplagg som startar som kjole, og ender opp som tunika etter kvart som barnet veks. Då får jo plagget så mykje lengre levetid! :)