søndag 25. mai 2014

Posebukse uten ben #1

Det er vel ingen hemmeligheit at eg har falt pladask for rompertrenden. Eit søtare strikkeplagg skal ein leite lenge etter. Derfor er eg ikkje vond å be når eg ser ei ny romperoppskrift. Denne gongen falt valet på Gustav & Berta si oppskrift "Posebukse uten ben". Den er veldig enkel og plain, men veldig søt!

Garnvalget fall denne gong på Extra Fine Merino etter ein tur innom Pickles, i ein nydelig blåfarge. Garnet er veldig godt å strikke med og blir jevnt og fint. Oppskrifta er enkel, og passar fint som bilstrikk eller tvstrikk, då det er lange partier i glattstrikk og ei vrangbord som føles lang som eit vondt år. Det skal nevnast at å strikke vrangbord er noko av det kjedeligaste eg gjer! Vrangborden strikkast dobbel, slik at den brettast og sys fast etterpå. Men ettersom å måtte montere er endå kjedeligare enn å strikke vrangbord, tok eg å strikka denne saman. Det gjorde eg med å strikke ei maske saman med ei maske i opplagskanten heile veien rundt. Det funker veldig bra! Ein må berre passe på at knapphola kjem korrekt over kvarandre. 

Framsida

Baksida

Eg har fått dilla på perlemorsknappar, fleire må kjøpast inn!

Mønster: Posebukse uten ben frå "Strikk til smårollinger"
Garn: Extra Fine Merino frå Pickles
Pinne: 2,5 og 3,5
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 72g

søndag 18. mai 2014

:: Lille gåsunge ::

Ein liten restevest! Eg hadde 80g alpakka-garn til disposisjon, og kryssa fingrane for at det skulle strekke til. For å vera på den sikre sida strikka eg størrelse 1-2 år (minste størrelse) med ein plan om å sikte meg meir inn på ca 1 år. Det gjorde eg ved å ha ein halv pinnestørrelse mindre, og kutta nokre cm på lengden. Det funka fint, for totalt garnforbruk blei ca 60g!

Vesten blir strikka på vrangen fram til deling til fram og bakstykke, då vrengte eg den til rettsida. Grunnen til at den blir strikka slik er for å sleppe å strikke så mange vrange masker. Genial løysning i grunn, for ein overdose av vrangmasker er ikkje heilt min smak. Eg blei ikkje heilt fornøgd med knappevalet, men dei får duge fram til nye kjem i posten.




Mønster: Lille gåsunge
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: nr 3,5
Størrelse: 1-2 år
Garnforbruk: ca 60g

søndag 11. mai 2014

Kjole MED truse

I fjor ein gong strikka eg ei gammald kjoleoppskrift, "Kjole med truse", men eg droppa trusa. Ettersom shorts og romper har blitt litt i vinden i det siste så fekk eg plutselig lyst til å strikke trusa likevel! Godt val syns eg etterpå, for den blei kjempesøt! Eg fann også ei lue som eg trudde ville passa til, men det viste seg at det ikkje blei heilt klaff, i tillegg til at den blei for lita...pytt pytt, søt blei ho uansett!

Oppskrifta på kjolen og trusa ligg gratis på nett, og dykk finn ho her, oppskrift nr. 3.

Kjolen som blei strikka i fjor

Tilhørende truse strikka nå nylig!

Lua som blei for lita

Kjole uten truse, nå MED truse!


Kjolen og trusa er allereie gitt vekk til ei søt lita jente! Lua derimot får ligge fint i gåvekurven enn så lenge!