torsdag 30. april 2015

Mariusgenser med lue


Innimellom må ein strikke litt tradisjonsstrikk også! Nå er det veldig lenge sidan eg har strikka marius! Det er jo veldig norsk, og veldig søtt på små barn. Denne gongen blei det genser og lue i str. 2 år.


Mønster: Mariuslue med øreklaffer
Garn: Lanett Babyull
Pinne: nr. 2 og 2,5
Størrelse: 2-4 år

Mønster: Mariusgenser med rundt bærestykke
Garn: Lanett Babyull
Pinne: nr. 2 og 2,5
Størrelse: 2år
Garnforbruk: 225g mørk blå, 35g kvitt, 10g rød
(garnforbruk er genser + lue totalt)



Ballongbukse i alpakka

Ballongbukse, for fjerde gong! Den fyrste blei laga og rekka opp, så strikka igjen (i miniduett). Nummer to blei laga i barselgåve til ein liten gut (i bayull), og nummer tre blei laga til ei søt lita jente (i babyull). Den fjerde buksa blei strikka i alpakka og er foreløpig uten eigar. 

På samtlige av dei fire ballongbuksene har eg laga fletter i staden for å strikke den slik oppskrifta seier, og eg blir like fornøgd kvar gong. Fletter blir aldri feil! 


Garnvalget denn gong havna på Royal Alpakka frå Dalegarn. Det var faktisk to nøster som blei kjøpt på opphørsalg i 2011. Godt garn ikkje går ut på dato... Eg syns buksa blei ekstra fin i alpakka av ein eller anna grunn, den blei liksom ikkje så "stiv" som babyull kan bli. Den heng liksom litt meir, noko eg likte godt. 




Mønster: Ballon bukse
Garn: Royal Alpakka frå Dalegarn
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-6 mnd
Garnfobruk: 85g