søndag 15. januar 2017

Nyfødtromper med knapper

Eit lite lyserosa nøste skulle bli trylla inn til noko, men kva? Valet endte opp på ein bitteliten romper frå Tiddelibom, og då meiner eg virkelig bitteliten. Det blir spennande å sjå om det i heile tatt er plass til ein liten nyfødt baby oppi!

Nyfødtromper og strømpebukse frå Condor (ministrikk.no)

Mønster: Nyfødtromper med knapper
Nettside: tiddelibom.no
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5, 3 og 4.
Størrelse: 0-1 mnd
Garnforbruk: 30g


onsdag 4. januar 2017

Somarsett frå Gustav&Berta

Lyseblått er utrulig søtt til jenter, og spesielt til somartider syns eg. Derfor fann eg ut at eg skulle bruke nok av Duett-garnet eg kjøpte for lenge sidar på Sandnesgarn Fabrikkutsalg til eit somarsett. Settet eg har strikka er frå boka frå Gustav & Berta, Strikk til smårollinger. 
Jakke og romper-sett

Mønster: Romperjakka
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 2-6 mnd
Garnforbruk: 147g

Mønster: Romper
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 2,3, 3 og 3,5
Størrelse: 2-4 mnd
Garnforbruk: 117g

Detaljer

Baksida
 Settet blei imidlertid noko større enn planlagt, for eg trur kanskje at Duett har litt tjukkare strikkefasthet enn garnet i oppskrifta. Men pytt pytt, då får det blir eit somar/høstsett! Brukt blir det uansett. 

Settet samla

Settet samla, kombinert med ste skinnsko frå Ministrikk.no