søndag 20. mai 2012

Hallo i luken!

Joda, eg lev framleis! 

Men med ein stille blogg og over 200 uleste innlegg på bloglovin må eg vel innrømme at eg har vore ein smule lost i det siste. Likevel ligg nå bloggen der i bakhovudet heile tida, og sjølv om det ikkje er blitt oppdatert noko, så betyr ikkje det at det ikkje blir strikka (for det blir det) :P Men det har foregått så mykje i det siste at eg rett og slett ikkje har hatt tid! For dei som er student er vel konseptet ganske kjent: Vår = eksamenstid, noko som inneber at eg er meir på skulen enn heime. Og etter som panikken kjem snikande, blir timane på skulen lengre og lengre. Kvifor har dei funne opp 8-timars eksamen med uendeleg pensum?!? Men eg kan trøste meg med at til sommaren så er eg FERDIG på skulen og skal begynne å jobbe (skrekk og gru), og ikkje minst flytte til ny by! :)

Og apropo flytte til ny by, det er noko anna spennande som har sjedd dei siste dagane. Me har kjøpt oss leilegheit i Oslo! :D Dette har vore ein lang prosess og eg hadde nesten gitt opp, men nå var det endeleg vår tur :) Har ennå ikkje sett han, men reiser i morgon (sundag) for å skrive under kontrakt og då får eg også sjå han for fyrste gong! :)

Men som sagt, så har det blitt strikka litt i det siste. Har litt begrensa med fritid, men litt strikking er det alltid tid til! Skal prøve å få blogge noko av det framover. I mellomtida vil eg visa fram dei überkule tinga eg har fått i posten:


Kule visittkort med logo på.
Geniale til å merke tinga eg lagar med størrelse osv.

Strikkexpressen-stasj

Håpar me bloggast snart!

fredag 11. mai 2012

Perlestrikka jakke, ny favoritt!


Perlestrikk er noko av det finaste eg veit! Så når eg fann denne jakka, så berre måtte eg strikka ho! Eg såg på bileta i boka, og tenkte at ja denne går det nok greitt å strikke og lite montering :) Men så starta eg å lesa oppskrifta (på engelsk attpåtil) og gud så tungvindt! Dei ville strikke ho frå bunn og opp, greitt nok, MEN, dei ville strikke ho i 3 delar som skulle settast saman når du skulle sette på armane. "Nei takk!" tenkte eg (eg likar best enkle ting, utan for mykje montering). Eg såg jo at denne jakka kunne strikkast myyykje lettare enn som så. Desse amerikanarane altså, skal alltid gjera ting så vanskeleg! Så eg satt i gong med å endra mønsteret, for jakka, den skulle eg strikke! Og jaggu meg gjekk det lett som bare det :) Så det eg gjorde var å starte på toppen og strikke ho ned, det var jo berre å lese oppskrifta baklengs. Armane blei strikka rundt og rundt, i staden for att og fram, og dei 3 delane som du opprinnelig skulle strikke den nedre delen i, blei i eit stykke. Sum summarum så var alt eg trong å gjere etterpå å feste trådar og sy saman eit lite hull under kvar arm. Perfekt! Og resultatet likte eg kjempegodt, så eg vil prøve å strikke ho i større størrelsar også etter kvart :)


Ta-da! Men litt for stor til dukka da :P 

Syns perlestrikken gjorde seg veldig godt :)

Mønster: Matinee Jacket frå "Vintage knits for modern babies"
Garn: Duett
Pinne: nr. 4
Garnforbruk: i underkant av 3 nøster
Størrelse: 3-6 mnd. 

mandag 7. mai 2012

Korleis strikke Daisy-strikk?

Som lova kjem eit innlegg om korleis ein strikkar Daisy-strikk. Det er ikkje vanskelig når du fyrst får taket på det, og det gir ein kjempefin effekt! Eg har strikka denne vesten og denne jakka med daisy-strikk :)

Kort fortalt så strikkar du 3 masker vrangt saman, utan å sleppe dei av pinnen tar du eit kast, og strikkar så vrangt saman dei same 3 maskene igjen. Nå slepp du dei av pinnen. Strikk ei maske rett, og start på ny (det skal alltid vera ei rett maske mellom daisyane) Dette skal eg prøve å demonstrere i bileter :P 

Slik gjer du det:

Fyst strikkar du ein omgong rett. Neste omgong (frå baksida) strikk ei maske rett, så skal du starte på daisyen:
Strikk saman 3 masker vrangt, men IKKJE slepp dei av pinnen. 
(du tar pinnen gjennom 3 masker fra høgre mot venstre) 

Hent tråden, og få den gjennom alle 3 maskene, men husk at du ikkje skal ta maskene av pinnen.

3 masker strikka saman vrangt, men behold dei på pinnen.

Lag eit kast rundt heile pinnen.

Strikk så dei same 3 maskene saman vrangt.
Husk å ta pinnen under kastet (tråden vil då ligge oppå venstre pinne, sjå bilete), 
slik at kaste forblir på pinnen og ikkje dett av.

Du vil nå ha 3 nye masker på høgre pinne, og du kan nå sleppe av maskene på venstre pinne.

Det er viktig at maskene ligg i den rekkefølga som du laga dei. 
Eller så får du ikkje fram den fine effekten. 

Strikk ein omgong rett, og effekten vil kome fram!

Etter ein omgong rett er det ny rad med daisy. Men denne gongen skal du forskyve dei litt. Strikk da 3 masker før du startar på fyrste daisyen, slik at dei nye daisyane kjem mellom daisyane på rada nedanfor (det skal fortsatt vera 1 maske mellom kvar daisy ut pinnen). Neste omgang med daisy gjer du som opprinnelig (1 maske rett, så daisy)

Om du skal strikke med fleire fargar skiftar du farge etter rada med daisy. Dvs. at du skiftar farge når du skal strikke ein omgong rett etter daisyane :)

Viss du fortsatt ikkje forstår korleis du strikkar daisy, kan du ta ein titt på denne videoen til Pickles:

onsdag 2. mai 2012

Oppskrift: Perlestrikka lue :)

Som eg har nevnt tidlegare så er eg med å strikkar til Amandaprosjektet, eit kjempefint prosjekt der ein strikkar ullplagg til sjuke premature babyar. Min favoritt å strikkt til dette prosjektet er luer. Dei er jo så små og søte, pluss dei går kjempefort å lage :) Og ikkje minst, det finns utallige søte oppskriftar der ute :P Men det er nokre restriksjonar på luene du strikkar, dette er for at dei ikkje skal plage den sarte huden til dei små. Eg kunne eigentleg tenkt meg å strikke Modern Baby Bonnet, men sidan den har ein knapp som kan irritere huden til dei små, så måtte eg tenke kreativt. Derfor laga eg ei ny oppskrift som vil kunne passe til dei små utan å plage dei på noko vis, og den oppskrifta tenkte eg å dele med dykk! 

Liten og søt, perlestrikka lue :)
Størrelse: ca 0-3 mnd.
Strikkefasthet: ca 21-23m pr. 10cm
Pinne: nr. 4

Luen strikkes rundt og rundt, på litan rundpinne eller på 5 strømpepinnar. Den er strikka i dobbel perlestrikk, dvs. 2 omganger med 2r, 2v, så dei neste 2 omgangene 2v, 2r (forskyver eit hakk  slik at det dannar seg ”rutemønster”). Desse 4 omgangane utgjør dobbel perlestrikk og skal gjentas fram til felling. (Vanlig perlestrikk er berre 1r, 1v, istaden for 2)

Forklaringar:
r = strikk rett
v = strikk vrangt
2rsm = strikk to masker sammen
2vsm = ta ei maske av laust, strikk ei maske, ta så den maska du tok laust av over den strikka maska. (kan også strikke 2 masker vrangt saman)

Oppskrift:
Legg opp 60 masker på pinne nr. 4.

Strikk dei fyrste 6 omgongane 1 rett, 1 vrang.
Dette er vrangborden. Når den er ferdig skal du begynne på perlestrikk.

Perlestrikk:
Omg. 1-2: Strikk  *2r, 2v* runden ut
Omg. 3-4: Strikk *2v, 2r* runden ut

Gjenta disse 4 omganane til arbeidet målar ca 10 cm. (om lag 7 gonger)

Gå så over til glasstrikk (berre rette masker). Nå startar fellinga:
Det skal fellast 8 masker, anna kvar omgang, til saman 5 gonger.

Fell slik:
(husk å ha like monge masker på kvar av dei 4 pinnane)
Omg. 1:
Pinne nr. 1: Ta ei maske laust av, strikk den neste maska, trekk så den maska du tok laust av, over den strikka maska, 2vsm. Strikk til det gjenstår 2 masker på pinnen, strikk desse to saman, 2rsm.
Pinne. nr. 2: 2vsm, strikk til det er 2 masker igjen på pinnen, 2rsm.
Pinne nr. 3: 2vsm, strikk til det er 2 masker igjen på pinnen, 2rsm.
Pinne nr. 4: 2vsm, strikk til det er 2 masker igjen på pinnen, 2rsm.

Omg.2:
Strikk ein omgang rett.

Gjenta desse 2 omgangane til saman 5 gonger. Du skal då ha 20 masker att.
Strik ein heil omgang med 2sm. Då har du 10 masker igjen.
Kutt tråden, trekk gjennom maskene og snørp saman. 

Størrelsen kan lett endrast med tynnare/tjukkare garn og pinnar, eller å auke/redusere antall masker, men husk at maskeantallet må vera delelig på 4.

Om du finn feil i oppskrifta, eller syns noko er uklart, er det berre til å ta kontakt! 

Lykke til!