onsdag 9. september 2015

Romper, jakke og lue

For lenge sidan strikka eg "posebukse uten ben" i miniversjon (innlegget finn du her) som berre blei supersøt! Det er noko når plagga blir så små, at dei berre blir ufattelig søte. Etter å ha rota litt rundt i garnlageret mitt fann eg ut at eg hadde fleire nøster igjen i den mørke grå fargen eg hadde strikka romperen i. Derfor fann eg ut at eg ville lage eit sett, for det er alltid kjekkast! Valg av jakke fall på oppskrifta i Strikk til smårollinger som er ein del av "Sparekbuksesettet". Jakka er veldig enkel, kun i glattstrikk, men unntak av armane kor det er "nupper" som gir ein fin effekt. Det skal ikkje alltid så mykje til!

Posebukse uten ben - i miniformat
Mønster: Jakke frå settet "sparkebuksesett"
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Baby Merino frå  Drops
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90g
Sjølvsagt blei det ei lita Clover Earflap hat til, men passar jo til alt!

Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnmengde: Godt under et nøste (strikket av rester)
Heile settet samla
Settet blei veldig fint saman, akkurat slik som eg hadde sett for meg! I tillegg fant eg noko rester av babyull i kvitt som eg strikka krage av for prikken over i'en. 

Mønster: Krage fra Dale Garn
Hefte: Nr 310 Baby Hentesett
Garn: Babyull
Størrelse: 3 mnd
Pinne: 2,5
Garnforbruk: ca 10g (liten rest)

Jakke og krage

Jakke, romper og lue

Romper og lue

Eit nydelig lite sett til ein liten ein! 
Dette setter har ikkje fått ein eigar enda, og ligg derfor i gavekurven. Men når ein er så søt skal det vel ikkje bli vanskelig å bli kvitt! I tillegg syns eg at den mørkegrå fargen er like fin til gutt som til jente.