mandag 14. juli 2014

Posebukse uten ben #2


Denne romperen kjem i veldig begrensa størrelser, kun 6 mnd og 1 år. Eg hadde derimot sett ein miniversjon til nyfødt-3 mnd-ish på bloggen til Gustav og Berta som eg blei heilt forelska i. Og når eg fyrst får ein slik ting for meg, så må eg berre gjennomføre! Så eg satte i gong med å forminske mønsteret. Det var genske enkelt og fort gjort å "endre" mønsteret. 

Framsida, med perlemorsknappar

Eg tok rett og slett og strikka med tynnare garn, mens eg følgte oppskrifta til 6 mnd. Eg brukt Baby Merino frå Drops, mens eg brukte Extra fine Merino når eg laga den i str. 1 år. Resultatet blei heilt perfekt syns eg! Akkurat slik eg hadde sett for meg. I tillegg når eg strikker denne buksa, etter at vrangborden øverst er ferdig, strikkar eg alltid saman kanten før eg går vidare. Då slepp ein å sy denne ned etterpå. Dette gjer ein enkelt med at ein strikkar ei maske saman med ei "maske/løkke" frå oppleggskanten heile vegen rundt. 

Baksida
 Buksa er veldig søt når den er så posete, og eg trur den vil bli veldig søt på. Foreløpig får den ligge i gavehaugen saman med dei andre romparane. Den er i det minste i godt selskap!

Mønster: Posebukse uten ben fra Strikk til smårollinger
Størrelse: ca 0-3 mnd
Pinne: nr. 2,5 og 3
Garn: Baby Merino frå Drops
Garnforbruk: 80g

1 kommentar:

  1. Hei, sitter å strikker denne posebukse i Nyfødtstr nå.tusen takk for tips😊 Strikket du den like lang som det står i oppskriften? Og når det står at arbeidet måler 20 cm, er dette med kanten brette ned eller ikke tro?

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)