torsdag 17. desember 2015

Kalinkaromper

Kalinka-romperen, så enkel, men så fin! Den går veldig fort å strikke og eg blir liksom ikkje lei! Denne gongen strikka eg han i eit garn som var meir rett iforhold til strikkefastheten. Lark frå Quinceandco, som blei innkjøpt i Melbourne. Fargen er ein nydelig petrol og gjorde seg godt til denne romperen syns eg. 

Eit lite garnnøste blei igjen av dei opprinnelige to nøsta
Romperen lå lenge i sekken min utan knappar, men etter å ha godt amokk på eit marked i Hanoi i Vietnam, fekk den også knappar på!

Fiks ferdig romper med knapper
Nydelig flette går ned langs heile framsida
Knappane passa bra syns eg
Baksida
Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: ministrikk.no
Garn: Lark frå Quince and Co (Belize)
Pinne: 3,5 og 4
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: i underkant av to nøster
Resultatet av 2 nøster Finch og 2 nøster Lark

Hullmønstret kortbukse

Som eg nevnte i forrige innlegg, så måtte eg finne ut kva eg kunne strikke av garnrestene etter Little Edith's romper. Det gjenstod i underkant av eit nøste i Finch i fargen Carries Yellow. Eg tenkte det nåtte vera noko lite, derfor endte eg opp med ei ny bleietruse/shorts. Denne gongen ei frå Tidelibom.com; Hullmønstret kortbukse. Denne er utrolig fin! Strikkefastheten passa jo sjølvsagt ikkje, men eg tenkte at eg då kunne strikke ein størrel størrelse for å få ein passande liten kortbukse. Eg hadde som mål å strikke ei i størrelse ca 0-3 mnd, og etter litt beregninger la eg opp til 6-9 mnd. Resultatet blei i grunn nokså bra. 

Litt trasig når ein ikkje har tilgang på knittingmill! 
Ein stk ferdig shorts
Mønster: Hullmønstret kortbukse
Nettside: Tidelibom.no
Pinne: nr. 3 og 3,5
Garn: Finch i Carrie's Yellow
Størrelse: maskeantall til 6-9 mnd, reel størrelse ca 0-3 mnd.
Garnforbruk: Under 1 nøste

Baksiden
Baksiden
Resultatet av to nøster Finch
Bleieshorts
Resultat av to nøster finch

lørdag 12. desember 2015

Little Edith's Romper

Når eg var i Australia undersøkte eg om det var nokon plass som solgte Quenice&Co garn, då eg trang desperat påfyll og syns dette garnet er så fint. Tilfeldigvis fann eg ein strikkebutikk i Melbourne, ein av våre stopp, som hadde dette garnet. Lykkelig kom eg ut frå butikken med 4 nøster; 2 nøster Finch og 2 nøster Lark. Strikkeplanane var lagt før eg gjekk inn i butikken; eg skulle endelig få strikka Little Edit's Romper, den fine fletteromperen eg hadde sugla på så lenge. Dei fleste som les bloggen min veit vel at eg er litt svak for rompere!

Little Edith's romper
Fletter som blir breiare og breiare
Og oppskrifta skuffa ikkje! Eg likte oppskrifta veldig godt, og det gjekk forholdsvis fort å strikke den. Den blei for øvrig strikka i Finch i fargen Carrie's Yellow, og eg brukte faktisk ikkje meir enn litt over eit nøste på ein i størrelse 4-8 mnd. Eg trur kanskje garnet var ein anelse tynnare enn kva oppskrifta seier, så det kan hende den ikkje er fullt opp til 8 mnd. Eg får låne ein baby å prøve! 

Fletter ned langs sidene
Baksida
Mønster: Little Edit's romper
Nettside: littleedithsknit.com
Garn: Finch (Carries Yellow)
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 4-8 mnd
Garnforbruk: Litt over 1 nøste
Då gjenstår det berre å finne eit passande prosjekt for den lille resten! 

tirsdag 8. desember 2015

Bleietruse med fletter i sidene

Etter at eg strikka Pocket Playsuit endte eg opp med å ha i underkant av eit nøste grå mini duett til overs. Eg grunda lenge på kva eg kunne klare å laga av kun denne lille resten, og tok derfor ein surferunde på instagram. Då kom eg over ein utrolig søt liten shorts/bleietruse i glattstrikk med fletter på sidene. Ein slik i liten størrelse ville vera eit passande prosjekt for den lille garnresten min! Det fantes ikkje noko oppskrift på den, så eg tok rett og slett utgangspunkt i bleiebuksen frå "Hentesettet" frå Ministrikk.no og tilpassa den undervegs. Det fungerte veldig bra, og eg kunne nesten berre følge oppskrifte kor eg då strikka glattstrikk og fletter i sidene. Det vart til og med att ein liten garnstump, så det var ikkje mange gramma som gjekk til denne. 

Bleiebukse med fletter
Utrolig søt og liten
Baksida
Flette i siden
Mønster: Bleiebukse frå Hentesettet med egen vri
Nettstad: Ministrikk.no/Strikkexpressen
Garn: Mini duett
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: mindre enn 1 nøste

lørdag 5. desember 2015

Kalinkaromperen med matchende jakke

Intagramprofilen "Kalinkakids" oppdaga eg for ei god stund sidan, og har beundra dei vakre designa ho trylla fram. Ein av dei eg fall mest for var kalinka-komperen, og derfor blei eg veldig glad når eg las om samarbeidet Charlott Pettersen bak Ministrikk.no hadde fått til med ho som står bak Kalinkakids, kor akkurat mønster på kalinkaromperen ville komme til salgs. Sidan oppskrifta blei tilgjengelig fyrst ein gong godt uti jorden-rundt-turen vår, hadde eg jo sjølvsagt ikke tatt med garn til denne. Men heldigvis var med i New Zealand rundt desse tider, og eg fekk kjøpt inn litt passande garn. Eg endte opp med å kjøpe 3 nøster i farge natur i merket Heritage frå butikken Skeinz. Dei passa ikkje heilt mtp strikkefastheten, men godt nok. 

Det viste seg at det ikkje gjekk så veldig mykje garn til romperen, brukte kun rundt 1 nøste. Derfor bestemte eg meg for å ta ein råsjanse og sjå om eg kunne få dei to siste nøsta til å holde til ei jakke. Og det gjorde dei faktisk! Og det med eit halvt nøste til overs! Eg prøvde då å strikka ei hua av siste rest, men då sa det stopp og det blei kun med den halve hua... Men ikkje verst likevel! At garnet holdt så longt var nok ein kombinasjon av at eg strikka på mindre pinnar enn kva oppskrifta sa (eg hadde ikkje større pinnar enn 3,5) og garnet var nok litt tynnare, og derfor er det fleire lengdemeter. 

Jakka forøvrig er det ikkje kome oppskrift på, men eg syns den var så fin at eg røvde meg uten mønster. Eg tok berre utgangspunkt i ei anna oppskrift og tilpassa mønsteret slik at eg fekk flettene langs armane. I tillegg brukte eg ein ny teknikk kor eg ikkje strikka stolpar, men brukte ein i-cord kant langs knappehullene. Eg har ikkje fått sett jakka med knappar endå, men syns resultatet foreløpig ser bra ut! 

Mønster: Kalinka romperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Heritage
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd (faktisk størrelse ca 0-3 mnd)
Garnforbruk: ca 1 nøste
Knappar får vente til eg kjem heim, men ser for meg treknappar
Fint flettemønster
Jakke og romper samla
Jakke, romper og ei halv lue
Mønster: egenkomponert jakke med kalinka-fletter
Garn: Heritage
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: ca 3 mnd
Garnforbruk: ca 1,5 nøste
Baksida til jakka
Kalinkaromperen
En liten strikkestabel
"Kalinka fletter" opp langs armene
Hele settet samlet

mandag 30. november 2015

Pocket Playsuit

Ministrikk har mange flotte oppskrifter syns eg, og Pocket Playsuit er ein av dei! Endelig fekk eg prøvd meg på denne. Eg hadde klart å raska med meg 2 nøster med Mini Duett i grått som var tiltenkt dette prosjektet. Ettersom eg kun hadde 2 nøster, og det stod 100g på minste størrelse (6 mnd) endte eg opp med denne størrelsen. I etterpåklokskapens tegn, såg eg at eg fint kunne ha strikka ein størrelse større, for det gjekk kun litt over 1 nøste. 

Etter å ha sette in del av desse på instagram fall valget på å la alle vrangborder vera i perlestrikk. Noko eg blei godt fornøyd med! 

Mønster: Pocket Playsuit
Nettside: ministrikk.no
Garn: Mini Duett
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: litt over 1 nøste
Baksida
Lommedetaljer
Perlestrikk på toppen og på stropper
Pocket Playsuit

mandag 26. oktober 2015

Omslagsbukse

Jentene i Paelas har ein tendens til å lage mønstre som får det til å klø litt ekstra i strikkepinnene. Og omslagsbuksen er intet unntak. Mens eg var i Peru, nærmare bestemt i Cusco, fann eg ein liten butikk som solgte klede lagd av alpakka. Det viste seg at dei også solgte litt garn av merke Indiecita DK som er laga av baby alpakka, noko som gjer garnet supermjukt! 4 nøster fekk blitt med meg heim den dagen. Men eg visste ikkje heilt kva eg sko laga av dei, heilt til eg såg omslagsbuksa på Paelas.com. Gartjukkelsen passa og eg hadde faktisk rette pinnar med meg også! Flax, med tanke på at eg kun har med nokre få pinnar.

Mjuke deilige nøster frå Peru
Omslagsbuksa var veldig morosam å strikke, og litt annleis enn andre brukser eg har strikka. Denne strikkes flatt i eit stykke, for så å bli sydd saman. Eg lurte litt underveis på om det kunne vera riktig, for det spg litt merkelig ut til tider syns eg, men den blei som den skulle til slutt:

Før montering
Etter montering
Når buksa var ferdig montert knota eg først litt med korleis snora skulle festast, men det gjekk seg til det også. I tillegg til å feste snora, hekla eg også to små hemper. Fingerhekla vel og merke, for heklenål har eg sjølvsagt glømt å ta med meg på reise, men det funka det også, og det er godt gamle kunster også kan komme til nytte! 

Baksida
Strikket snor og hemper i siden og midt bak

Buksa blei utrolig nydelig syns eg, all ære til dei flinke Paelas-jentene som har laga denne oppskrifta! Og garnet eg valgte gjorde at buksa blei silkemjuk og deilig! Det passa verkelig godt til oppskrifta. Dette er definitivt ei av mine favorittbukser, og eg ser for meg at det vil bli ein del av desse framover. Perfekte til barselgåve!
Mønster: Omslagsbukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Indiecita DK
Pinne: 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: ca 2,5 nøster

Sparkebuksesett

Det har lenge vore planar om å strikke dette settet, men strikkelista er lang som eit vondt år og den berre veks og veks! Men nå som eg er på verdens-reise i 6 mnd, var eg litt lur, for då tok eg med meg garn nok til heile dette settet. Og når du har begrensa tilgang til garn, ja då strikkar du faktisk det du har garn til! 

Heile settet er difor blitt nokså internasjonalt og jakka har vært med gjennom heile fire land; Belize, Guatemala, Nicaragua og Costa Rica! Buksa derimot blei påbegynt i Costa Rica, strikka på i Panama og fullført på Galapagos! Det er ikke ofte strikke plagga mine er så bereist! 

Settet er strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn som blei kjøpt på fabrikkutsalget til Sandnesgarn til ein billig penge. Så heile dette sette kom vel kanskje på ein hundrelapp. Ikkje verst må eg sei! Eg huskar dessverre ikkje heilt kor mange garn eg hadde med meg, men eg meiner på at det var 5 stk, og sit kun igjen med ein litan stomp. 

Førsta mann ut; Jakka: 
Mønster: Jakke i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: I underkant av 2 nøster
Neste mann ut; sparkebuksa:
Mønster: Sparkebukse i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: ca 2,5 nøster
Og til slutt; Lua
Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: Rundt et halvt nøste
Heile settet samla;

Litt fleire detaljer:
Toppen på sparkebuksen
Søte føtter på sparkebuksen
Hele settet i skjønn forening