fredag 30. mars 2012

Modern Baby Bonnet #2

Mens eg var i gong blei det ei til slik lue. Denne blei i lilla og ikkje lys rosa slik som den fyrste lua.

Mønster: Modern Baby Bonnet frå boka Vintage Knits for Modern Babies
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd.
Garnmengde: rett under 50g

tirsdag 27. mars 2012

Marius-framgang

Detta fekk eg gjort i helga når eg var heime:

Mariusen har fått armar!
Når eg reiste opp til Bergen igjen, lot eg han ligge igjen på Kramøy. 
Han får rett og slett vente til påsken, for no var eg lei!
Men på fram går det :)

søndag 25. mars 2012

Gamle skatter

I helga har eg vore heime på Karmøy, og i den annledning fann eg ut at eg ville på skattejakt! Eg var oppi kassar og skap og rota (til mammas fortvilelse), og skatten fann eg!

Strikka dokkeklede som me hadde når me var små
 Det viste seg at den blå jakka faktisk blei hekla av mamma til storesyster mi, merkeleg å tenke på at me har vore så små!

Den kjolen eg alle mest håpte på å finne, fant eg også! Eg syns den er så fin! Det er farmor som har strikka den til oss, og me hadde matchande kjole til oss sjølv og dukka. Skulle ønske eg fann mønsteret på denne... (eg sneik også med eit "action-bilete" av baby bonnet lua, det var det næraste eg kom ein baby)

Sarah med den fine kjolen og lua mi!
Sat som eit skot!

Syns detaljane her er så fine :)
Matchande sokker til :)
(det skal også vera ei lue, men den fann eg ikkje)

Litt stor, men ellers sat baby bonnet lua fin fint på!

 Eg klarte også å rote fram dette:
Maaaange gamle oppskrifter
Uheldigvis fann eg ikkje oppskrift på kjolen her, så eg får høyre med slekta. Men det var veldig gøy å leite gjennom desse oppskriftene. Noko var så gammalt og sært at eg lurte veldig på kva dei tenkte med før i tida, men det var også nokon kule ting innimellom. Stort sett var det gensarar og kofter til voksne og store barn. Håpar eg kan finne litt baby-oppskrifter om eg leitar litt til :P Før i tida kosta det tydligvis kun 75 ØRE for ei oppskrift. Tida har endra seg...

tirsdag 20. mars 2012

Modern Baby Bonnet

Resultatet av pausestrikket var;  

Mønster: Modern Baby Bonnet frå boka Vintage Knits for Modern Babies
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: 3-6 mnd.
Søt liten stropp for å holde lua på plass


Litt vanskeleg å vise fasongen utan ein modell, men om dykk går inn på Ravelry.com går det an å sjå prosjekter der folk har tatt bilete med lua på ein baby :P 

Eg strikka også nokon "ballerinasko" til :)

Søte små babysokker!

Mønster: Ruby Slippers frå boka Vintage Knits for Modern Baby
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 3-6 mnd.
Boka oppskriftene er henta frå kjøpte eg i New York, og eg elskar den boka! Den har så mange utrulig søte oppskrifter og eg har allereie funne mange fleire oppskifter frå boka eg vil strikke, forhåpentlegvis i næraste framtid! :)  

søndag 18. mars 2012

Pausestrikk

I går fann eg ut at det var nok Mariusstrikk for ei stund. Eg trang eit pauseprosjekt. Helst noko som går fort, for kofta skal jo tross alt bli ferdig til påske. Etter å ha leita litt i garnlageret mitt fann eg eit nøste med Merino Extra Fine som eg ikkje heilt har visst kva eg skulle bruke til, og satte i gong. Resultatet vil bli blogga så snart det er ferdig, og eg lovar, dette blir sukkersøtt!

Pausestrikk!
 Ps. Pinnane er kjøpt for 10 kr på Søstrene Grene, berre eit lite tips!

torsdag 15. mars 2012

FERDIG!

Neida, ikkje med heile kofta, men bolen er ferdig. Og det er da eit skritt fram, er det ikkje? Det føles i alle fall ganske godt. Nå gjenstår berre armane og monteringa da. Kanskje det er eit håp om å bli ferdig til påsken likevel? 

Ein stykk ferdig bole!

Mariusmønster i svart, kvitt og raudt

tirsdag 13. mars 2012

Mens me ventar...

Nei, dette er for dårleg Marie! Bloggen byrjar jo å bli keisam :P Eg skyldar det på Mariuskofta, for den tar all tid, slik at eg ikkje har nok nytt å vise fram her :P Men det ordnar seg vel når eg blir ferdig med ho, sjølv om det tar tiiiid...men,men!

Eg kom på ein ting eg har gløymt å vise dykk, denne flotte tingen her:

Her heng den fint til pynt

Fullt utslått
Saman med denne blir det kjempebra!
Litt dårleg bilete, men slik blir resultatet når du brukar desse to saman :D
 Eg har også fått meg ny bok:

Strikkelyst
I denne er det myyykje fint skal eg sei deg! Vil nok prøve å strikke litt frå denne etterkvart. Når Mariuskofta er ferdig....

Å Gud, som eg gler meg til å kunne strikke akkurat det eg vil når eg vil igjen! 

onsdag 7. mars 2012

Litt framgang og strikkeinspirasjon

Eg lovde jo ein liten oppdatering på mariuskofta og her kjem han! Nå har eg endeleg fått starta på mønsteret på bolen, og godt var det! For nå ser eg endeleg framgang :) Med hjelp av metoden frå strikkemagansin så syns eg at eg fekk til og med innsida til å sjå litt bra ut :)

Innsida av Mariuskofta
 Så veldig langt har eg ikkje kome, men det er nå i det minste ein start! Og når eg kom heim i dag så låg det ei ny utgåve av "strikkemagasin" i posten min. Det er ofte litt opp og ned når det kjem til innhaldet i dette bladet, det er ikkje i alle utgåvene det er så mykje som eg kunne tenkt meg å strikke. Men stort sett finn eg ein ting eller to som ser interessant ut. Men i denne utgåva var det mykje inspirasjon å hente! Mykje fint som eg kunne tenkt meg å strikke med andre ord, og her er noko av det: 

 Kjempesøt tehette, friskar opp eit frukostbord!

Påskeegg!

Syns denne var litt søt

Og denne var berre superkul!
Det var den siste genseren eg fallt mest for! Må berre finne eit passande garn, så blir det kanskje ein slik genser etter kvart. Tjukke pinnar og tjukkt garn, just how I like it! :D 

Ha ein fin tirsdag alla ihop!

søndag 4. mars 2012

Nye luksuspinner

Eg spanderte på meg desse pinnane, berre måtte ha dei! Rundpinnane i same merke fekk eg til jul og eg elskar dei! Skal teste dei ut på neste prosjekt :)

Knitpro pinner, 15 cm, perfekt til småstrikk!

Skal prøve å kome med ei oppdatering på mariuskofta også snart :)