onsdag 7. mars 2012

Litt framgang og strikkeinspirasjon

Eg lovde jo ein liten oppdatering på mariuskofta og her kjem han! Nå har eg endeleg fått starta på mønsteret på bolen, og godt var det! For nå ser eg endeleg framgang :) Med hjelp av metoden frå strikkemagansin så syns eg at eg fekk til og med innsida til å sjå litt bra ut :)

Innsida av Mariuskofta
 Så veldig langt har eg ikkje kome, men det er nå i det minste ein start! Og når eg kom heim i dag så låg det ei ny utgåve av "strikkemagasin" i posten min. Det er ofte litt opp og ned når det kjem til innhaldet i dette bladet, det er ikkje i alle utgåvene det er så mykje som eg kunne tenkt meg å strikke. Men stort sett finn eg ein ting eller to som ser interessant ut. Men i denne utgåva var det mykje inspirasjon å hente! Mykje fint som eg kunne tenkt meg å strikke med andre ord, og her er noko av det: 

 Kjempesøt tehette, friskar opp eit frukostbord!

Påskeegg!

Syns denne var litt søt

Og denne var berre superkul!
Det var den siste genseren eg fallt mest for! Må berre finne eit passande garn, så blir det kanskje ein slik genser etter kvart. Tjukke pinnar og tjukkt garn, just how I like it! :D 

Ha ein fin tirsdag alla ihop!

6 kommentarer:

  1. Passende å strikke påsketing nå, og jeg likte den tehetta svært godt! Og mariuskofta kommer seg ser jeg.. å som jeg skulle ønske jeg kunne starte på nytt prosjekt... det jeg holder på med nå er evighetsprosjekt, men jeg kan ikke bruke hele evigheten om jeg skal få den ferdig til 17.mai. Hjelpes!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tehetta var supersøt! Men mi tekanne er litt større enn den i oppskrifta, men kanskje eg kan jukse det til. Held med i deg der, for eg også kunne ønske at eg kunne starte på eit nytt prosjekt nå. Men når du har lova at mariuskofta skal vera ferdig til påsken....då har du ikkje mykje val! Kva for noko spennande er det du strikkar da? Er det kanskje ein festdrakt til ho lille til 17. mai? Gler meg uansett til å sjå kva dette er :)

      Slett
  2. Samme her, de bladene er litt varierende med inspirasjon, men de to siste nummerne har vært bra. Den gule genseren frister i gult, selv om jeg sjeldent strikker i gult.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt einig, har vore bra i det siste. Men gule genseren MÅ eg få strikka etter kvart, men trur ikkje det blir i gult for min del. Kanskje kongeblå, lilla eller raud? Time will show! :)

      Slett
  3. Så fine blogg du har =)
    Ha ein fine dag
    - Amalie

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, hyggelig å høre :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)