lørdag 28. desember 2013

Babylue med fletter

Marte Helgetun har laga ei nydelig lueoppskrift som eg lenge har hatt lyst å prøve meg på, og den blei derfor laga i julepresang. Men det trang ein del prøving og feiling av denne oppskrifta før eg fekk ho riktig, størrelsesmessig. Eg strikka ikkje med originalgarnet, og dette blei tydeligvis litt problematisk for meg! Men eg klarte å ende opp med ei lue til slutt som passa mottakaren!

Lua som til slutt blei passelig størrelse

Liker denne flettekanten veldig godt!

Mønster: Lue med øreklaffer av Marte Helgetun
Garn: Dobbel tråd Alpakka frå Drops
Pinne: Nr. 4
Størrelse: 6 mnd.
Garnforbruk: ca 1 nøste trur eg 

Forsøk ne. 1 og forsøk nr. 2

Stor forskjell sjølv om begge egentlig er ca 6 mnd.!
Den fyste lua strikka eg litt mindre enn størrelse 1 år i barneoppskriftene, rett og slett for at eg ikkje hadde mønster på babyluene. Denne blei ALT for stor til den lille jenta den var påtenkt! Men eg klarte heldigvis å få skaffa meg babystørrelsane på luene også, og då blei det mykje betre! Eg strikka då i størrels 6 mnd. Begge luene er strikka i dobbel alpakka frå Drops, men den fyste på pinne 5 og den andre på pinne 4. 


Eg prøvde meg på denne lua nok ein gong til ei på 1,5 år, og strikka størrelse 2 år i Nepal. Denne blei passelig til meg, og kunne derfor sjølvsagt ikke gid bort til ei på 1,5 år! Ho fekk heller ein vest. Trur eg må gå ned på pinnestørrelse når eg strikkar desse, oppskrifta vil ikkje samarbeida! Men til tross for gjentatte bom, blir det nok ikkje siste lue eg strikkar av denne oppskrifta, for den er jo så fin og morsom å strikke! Får prøve å knekke strikkefasthetskoden!


onsdag 25. desember 2013

Søtnos-kjole

Ei søt lita jente fekk denne under treet i går. Men ettersom denne søte lille jenta, ikkje er så liten lengre, er eg redd den kanskje er litt snau til ho. Ho veks fortare enn kva eg klarer å holde styr på! Eg håpar i alle fall ho får brukt den litt før ho veks heilt utav den! Heldigvis oppdaga eg hennar spurtvekst før jul, og fekk derfor tid til å strikke nok eit plagg som blei lagt med i gåva, som skal vera stort og godt å vekse i, den kjem på bloggen etter kvart!





Mønster: Søtnos-kjole
Garn: Dobbel tråd av Alpakka frå Drops
Pinne: nr. 4,5
Garnmengde: ca 2 nøster
Størrelse: 0-6 mnd
Toppen er strikka rundt og rundt i halvpatent. Men av ein eller anna grunn så svingte den litt til den eine sida som dykk ser på bilete. Viss noko av dykk veit kvifor, eventuelt veit kva eg kan gjere for å unngå dette, blir eg veldig glad om du forteller meg! :)

søndag 15. desember 2013

Johannesjakke

Nok ei barselgåve! Denne blei strikka for ei stund sidan, men sidan kameraet ikkje ville samarbeida, har det tatt litt tid å få den på bloggen.

Valget denne gongen havna på Johannesjakka frå Pickles. Syns den er kjempesøt, og eg hadde passande garn og fargar liggande, så eg satte i gong! Veldig fornøgd med fargekominasjonen:


Eg ville også strikke ei lue til, og eg fann ei som eg syns passa fint saman med jakka på garnstudio.


Mønster: Johannesjakke
Størrelse: 3-6 mnd
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3,5

Mønster: Lue med vrangbord
Størrelse: 6-9 mnd
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3,5

torsdag 5. desember 2013

Nøstebarn, ein hyggelig overraskelse!


Ein tidlig morgon går eg av bussen på veg til ein ny klient. Og det fyrste som møter meg når eg kjem av bussen er skiltet "nøstebarn". Eg vaknar til, er det her den ligg ja! Så sinnsyk fint av klienten min å ha kontor i umiddelbar nærheit til ein garnbutikk som eg har hatt lyst til å besøke! 


Dagen føltes ekstra lang, men til slutt var det tid for å gå og eg kunne endelig få ta turen innom. Sjølv om kun ein liten del av butikken var garn, var det likevel verdt turen! 




Månge fine strikkeplagg hang på utstilling og det var kjekt å få sjå planlagte strikkeplagg frå nøstebarn-boka ferdig strikka. Eg både såg og kjente på! Mykje fint garn hadde dei også, og då går ein ikkje tomhendt heim! 


Nå må det berre planleggast kva som skal strikkes av dette! 







søndag 24. november 2013

Sprechen Sie Deutsch?

For lenge sida fann eg nokon søte babysokkar med fletter på, desse vil eg prøve meg på ein gong tenkte eg. Så nå nylig satt eg meg ned for å sette i gong med desse. Kan sei eg fekk litt bakoversveis når oppskrifta kun fantes på tysk!?! Men eg har jo tross alt hatt tysk på ungdomsskulen og vidaregåande, og eg kan sikkert sei i alle fall EI heil setning på tysk, så dette går vel bra??

Utrulig nok så gjekk språkbarrieren nokså bra! Eg hugsar tydeligvis meir tysk enn kva ein skulle tru (takk Google translate). Men det dukka imidlertid opp eit anna problem; oppskrifta var rett og slett ikkje fin! Dei blei så firkanta og kantete, at det blei med den eine sokken. Men nå veit eg i alle fall at tysk er inga hindring! 





lørdag 16. november 2013

Ferdigstrikk

Gåveeska, eller gåveveska for min del, berre veks og veks. Detter til tross for at det er graviditeter i øst og vest. Men det er jo mest gøy å strikke noko nytt når nyheita om ein ny verdsborgar kjem. Derfor minkar aldri denne gåveveska mi, heller motsatt. Og eg strikkar ofte utan "mål og meining" kun fordi oppskrifta ser gøy ut! Men eg klagar ikkje, eg nyt synet av ein stor haug ferdigstrikk! 

                        

Min fine lille strikkehaug fekk ein skikkelig opprydning i sommar, der alt blei merka og organisert. Herlig! Det aller meste er blogge om før, men det er nok eit par ublogga ting der også, som eg får sørge for å få på bloggen! 

Sjølv om det kanskje ikkje ser ut som det, så gir eg faktisk bort ein del også! Har du ein slik strikkehaug eller blir strikkeplagga tatt i bruk så snart dei kjem av pinnane? 

søndag 3. november 2013

Når kulda setter inn..

...da er det godt å ha ull på beina! Det er nesten obligatorisk med eit nytt par med ullsokker (minst!) når høst og vinterkulda sett inn. Denne gongen falt valget på eit par sokker/tøfler frå Drops. Veldig godt fornøgd! Dei er gode på, er fine å sjå på og er enkle og kjekke å strikke! Dette er mitt hotteste julegåvetips for øyeblikket! 


Gode og tjukke langt opp på leggen

Enkle fletter på tvers

Knapper til pynt

Mønster: Little red riding slippers
Garn: Eskimo frå Drops
Pinne: nr. 6
Størrelse: 38-39
Garnmengde: rett over 4 nøster

Det står i oppskrifta at det trengst 300g til alle størrelser, men eg brukte ein del mindre enn dette. Eg strikka størrelse 38-39 og brukte då i overkant av 4 nøster. Det viste seg i ettertid at fletta som går rundt ankelen blei ein smule vid, så om eg hadde korta denne ned littegrann, så ville eg nok ha klart det på 4 nøster, dvs. 200g. Dette går i alle fall fint om ein strikkar størrelse 36-37. Greit å vite når ein går til innkjøp av garn!

søndag 27. oktober 2013

Ballongbukse og pilotlue

Sist gong eg prøvde meg på denne buksa gikk det ikkje så bra i starten. Det endte med at eg måtte rekke opp HEILE buksa, og strikke den på ny. Eg har lært, og det blei derfor både dobbelt og trippelt sjekka at det var lagt opp riktig maskeantall. Det gjekk heldigvis bra denne gong. Også denne gongen har eg bytta ut stripene i mønsteret med fletter. Eg klarte også å finne ei megasøt pilotlue som eg syns blei søt til:

Ballongbukse & Pilotlue


Mønster: Ballonbukse
Pinne: nr. 3
Garn: Gjesdal Babyull
Størrelse: 0-6 mnd
Garnmengde: rett under 1 nøste

Mønster: Baby newboy hat
Pinne: nr. 3,25
Garn: Gjesdal Babyull
Størrelse: 3-6 mnd
Garnmengde: ca halvt nøste

Dette settet blei godt tatt imot av ein kollega som snart skal bli mamma til ein liten gutt!

søndag 20. oktober 2013

Lettstrikka lue, IGJEN

Er det ei lue eg aldri går lei, så er det den lettstrikka lua frå nøstebarn boka. Denne er så enkel og fin, og kan lett varierast med ulik strukturstrikk. Nokk ein gong fall valget på dobbel perlestrikk, i størrelse nyfødt denne gong, slik at det passer eit veldig lite hode som nettopp kom til verda (Lua var ein del av denne gåva).

Mønster: Lettstrikka babylue
Pinne: nr. 2,5 og 3
Garn: Gjesdal babyull
Størrelse nyfødt
Garnmengde: ca halvt nøste


søndag 13. oktober 2013

Mini Elvira og matchande lue

Kva gjer du når den fine kjoletunikaen ikkje går lengre ned i størrelse enn 1 år, og du kunne tenkt deg å strikke ein mini ein? Joda, då er det berre å prøve seg fram og håpe på det beste! Eg snakkar sjølvsagt om den søte Elvira-kjolen, og det er veldig synd at denne ikkje fins i mindre størrelse enn 1 år. Fiona derimot, som er laga av same dame, går ned til 3-6 mnd. Så eg satte i gong med å forminske Elvira-kjolen med utgangspunkt i Fiona. Det blei ein kjole ut av det, men om størrelsen er riktig er vanskelig å sei for ei som er babylaus. Løysningen var derfor å inkludere kjolen i barselgåva, og hinta om at eg VELDIG gjerne vil ha tilbakemelding på størrelsen. Venter spent på svar! 


Fargen var vanskelig å få fram på bilete, men den er lys gul


Eg er jo veldig glad i sett, så eg måtte jo finne ei lue til. Valget fall på, surprise surprice, lettstrikka babylue! Målet var å få noko av mønsteret på kjolen inn i lua, men eg ville ikkje overdrive, så det blei med dei to hullradene. Fornøyd! 

Lettstrikka lue med Elvira-vri

Mønster: Elvira
Pinne: nr. 2,5 og 3
Garn: Gjesdal Babyull
Størrelse: 3-6 mnd (?)
Garnforbruk: ca 2 nøster

mandag 30. september 2013

It's a girl!

Nylig fikk eit vennepar av oss ei lita søt jente. Sjølvsagt måtte eg strikke noko til denne lille herligheten.   Logestikken har ikkje vore den beste i det siste, så strikkeprodukt produsert til gåveeska er vesentlig høgare enn strikkeprodukt som går ut av gåveeska. Det var derfor mykje å ta av! Eg fylte like så godt opp ei lita eske med diverse strikkeprodukt som dei fekk i barselgåve:

It's a girl!

Mjukaste bamsen og mykje strikkerier!

Gåva blei godt tatt imot av fornødde foreldre 

Eg strikka i utgangspunktet eit sett som skulle bli barselgåva, men som dykk ser blei eg litt reve med! Det var ikkje så mykje som var passelig enda, sidan det var ei veldig lita jente, så eg gler meg til å sjå korleis det vil bli på ho når ho veks litt til. Noko er ting som er blogga om før (som denne toppen og desse sokkane), mens noko er nytt og vil komme på bloggen etter kvart. Så ta ein titt innom framover om du vil sjå kva som var i eska! 

onsdag 25. september 2013

Lillies topp #2

Denne toppen er allerede ein favoritt hos meg. Mønsteret er så fint og toppen er så utrolig søt! Dette er nummer to eg strikkar (sjå nummer 1 her), og eg skal også ha ein halv ein som ligg her eit sted blant alle UFOane mine også. Med andre ord så er dette en topp eg LIKAR å strikke! 



Mønster: Lillies Topp
Garn: Drops Baby Merino
Størrelse: 6-12 mnd
Pinne: nr. 2,5
Og denne står jo fint i stil med sette som blei strikka i forrige innlegg, mulig dette blir ein barselgåve på sikt!

onsdag 18. september 2013

Hue, vanter og krave

Fine ting kan ein ikkje få strikket nok gonger? Eg har gått laus på på djevellua til Lene Holme Samsøe igjen, men denne gongen har eg strikka heila settet med lue, votter og krave. (sjå den fyrste hua mi her) Det blei ferdig tidlig i somar, men festing av tråder og strikking av snorer tar tid! (ref. vottane som framleis ikkje har fått snor) Men eg syns settet likevel var fint nok til å visats fram no, vottane får vente litt til!


Lue

Krave

Votter

Lue, votter og krave

Mønster: Hue, vanter og krave frå heftet Babystrik på pinde 3
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6 mnd


søndag 8. september 2013

Baby Mary-Jane Booties

Ryddesjau. Det oppsummerer helga mi veldig bra. Vi har hatt skikkelig opprydding i boda og gjesterommet. Dette betydde også at eg måtte rydde i garn og strikkeutstyret mitt. Det var litt av eit prosjekt kan du sei! Garn OVER ALT! (til min fornøyelse, og min samboers fortvilelse). Men det positivet med dette er at eg fekk ein fin oppryddning i garnet og har fått betre kontroll på kva eg har, pluss eg fekk leita fram alt av uferdige strikkeprosjekt. Eg fant ut at eg har to mål for høsten: 

1) Strikke garnlageret mitt nedover, med andre ord, garnkjøpstopp!
2) Strikke ferdig alle urefdige prosjekt

Eg starta allereie nå i helga på å fullføre ein UFO, det var jo så lite som gjenstod. Og søtt blei resultatet:



Mønster: Baby Mary-Jane Booties
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 3
Størrelse: strikka størrelse 1-6 mnd. men
garnet gjer at størrelsen blei nok litt større.