søndag 13. oktober 2013

Mini Elvira og matchande lue

Kva gjer du når den fine kjoletunikaen ikkje går lengre ned i størrelse enn 1 år, og du kunne tenkt deg å strikke ein mini ein? Joda, då er det berre å prøve seg fram og håpe på det beste! Eg snakkar sjølvsagt om den søte Elvira-kjolen, og det er veldig synd at denne ikkje fins i mindre størrelse enn 1 år. Fiona derimot, som er laga av same dame, går ned til 3-6 mnd. Så eg satte i gong med å forminske Elvira-kjolen med utgangspunkt i Fiona. Det blei ein kjole ut av det, men om størrelsen er riktig er vanskelig å sei for ei som er babylaus. Løysningen var derfor å inkludere kjolen i barselgåva, og hinta om at eg VELDIG gjerne vil ha tilbakemelding på størrelsen. Venter spent på svar! 


Fargen var vanskelig å få fram på bilete, men den er lys gul


Eg er jo veldig glad i sett, så eg måtte jo finne ei lue til. Valget fall på, surprise surprice, lettstrikka babylue! Målet var å få noko av mønsteret på kjolen inn i lua, men eg ville ikkje overdrive, så det blei med dei to hullradene. Fornøyd! 

Lettstrikka lue med Elvira-vri

Mønster: Elvira
Pinne: nr. 2,5 og 3
Garn: Gjesdal Babyull
Størrelse: 3-6 mnd (?)
Garnforbruk: ca 2 nøster

16 kommentarer:

  1. Helt nydelig! Veldig fint med gult til små, håper den passer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Jenta som fikk den er fortsatt veeeldig liten, det var jo i barselgåva, så ho veks nok inn i han. Men det blir spennande å sjå NÅR ho veks inn i han :)

      Slett
  2. Helt herlig kjole og lue! Utrolig fin farge også! :)

    SvarSlett
  3. Så skjønn! Den gulfargen var herlig:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja, ikkje sant? Fyrste gong eg strikkar i gult ;)

      Slett
  4. Nydelig sett du har strikket! Elvira-kjolen ble veldig fin i gul!

    SvarSlett
  5. For eit fint sett. Litt retro ?

    SvarSlett
  6. For et skjønt sett! Utrolig fin gulfarge, det er ikke så lett å finne;) Smart gjort med lua, det ble akkurat nok mønster i den syns jeg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja, eg strikkar jo aldri i gult, dette er fyrste gong. Men når eg kom over denne fargen berre måtte eg! Eg var veldig usikker før eg starta på lua, men blei godt fornøgd! :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)