lørdag 7. juni 2014

Foldeskjørt og kyse

Litt meir strikk fra Gustav og Berta boka "Strikk til smårollinger". Denne gongen var det foldeskjørt og kyse eg prøvde meg på. Det er fyrste gong eg strikkar skjørt, og det blei ikkje så verst syns eg! Begge deler blei strikka i gul Lerke frå Dalegarn. Av restene blei det ei sløyfe og eg fann eit par søte "sko" som eg har strikka tidligare (du kan lese om dei her), som eg syns passa godt til.

Foldeskjørt

Mønster: Foldeskjørt frå Strikk til smårollinger
Garn: Lerke frå Dalegarn
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 74g

Mønster: Kyse med blondekant frå Strikk til smårollinger
Garn: Lerke frå Dalegarn
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-9 mnd
Garnforbruk: ca 35g

Sjølvkomponert sløyfe av restegarnet

Sett med Mary Jane Booties

Eit fint sett til ei lita jente..
...ender i gåvekurven foreløpig!