onsdag 27. mars 2013

Lillies Top

Det nye hefte "Babystrik på pinde 3" av Lene Holme Samsøe har gått som ein farsott på strikkebloggar for tida. Så sjølvsagt måtte eg også gå til anskaffelse av dette! Og ingen anger her i gården, for dette hefte er berre herlig! Fyrste mønster ut for min del blei Lillies top. Eg har fått heilt dilla på vestar og denne likte eg kjempegodt. Gøy å strikke og utfallet blei supert!

Lillies top i blålilla, i forsøk på å strikke kjønnsnøytralt...

Mønster: Lillies Top
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3
Mengde garn: ca 1,5
Eg strikka toppen i Drops Baby Merino, eit garn som er tjukkare enn det oppskrifta sa, så eg reknar derfor med at vesten er litt større enn 0-3 mnd. Hefte har eg (syster mi) kjøpt på Sandnesgarn utsalg i Stavanger, men det er også å få tak i både på nett (f.eks rasmilla.dk) og i nokre strikkebutikkar (f.eks på Oslo City). Heftet er forresten på dansk, men i motsetning til muntlig dansk, er skriftlig dansk veldig forståelig og ingen problem å tyde.

søndag 17. mars 2013

Petrajakka

Har du sett noko så søtt? Denne jakka må vara noko av det søtaste eg har strikka! Og kven skulle tru at dette er ei restegarnjakke? Eg er for restegarnstrikk! Det grå garnet er rester frå Lavendeljakka og det lilla er rester frå Enkel kjole, perfekt match.

Fin fin i lilla og grått

Lilla detaljer

Søte lommer

Mønster: Petrajakka
Garn: Abuelita Tjukk Merino og Lorna's Lace Honor
Pinne: nr. 5,5
Størrelse: 1 år
Jakka er stort sett strikka etter mønsteret, men eg endra lommane litt med å legge til litt perlestrikk på toppen. Syns det gjorde seg godt :) Eg har ikkje satt i knappar enda, av den enkle grunn at eg ikkje har funne nokon knappar eg syns passar. Og på ein måte syns eg den er finast utan knappar, men om dei perfekte knappane skulle dukke opp, så blir det kanskje knappar likevel 

lørdag 9. mars 2013

Strikkexpressen, nå også i bokform!

Sjå kva som kom dumpande ned i postkassa mi nå på nyåret;
Tre stk bloggbøker rett frå pressa!

Dette er det mest geniale eg har vore borti! Eg har brukt denne sida: Blog2print, inspirert av bloggen til Meretemonstermønster. Her tar du rett og slett å skriv inn bloggadressa di, dato til/fra når du vil ha boka frå og vips! der har du ei bok! Det er også mogligheiter til å redigere litt, legge til bilete på framsida osv. Men det tar ikkje lange tida og ikkje er det særlig dyrt syns eg, det var verdt kvar ei krone. Eg betalt i underkant av 500 kr for den tjukkaste boka som er på 160 sider(?!), inlkludert frakt. Heeeeilt overkommelig for så bra resultat :)


Eg har laga ei bok frå kvart år eg har blogga. Derfor er boka frå 2010 nokså tynn, eg starta jo på slutten av året. 2011 er ganske tjukk, mens 2012 er sterkt prega av at det var siste halvåret på masteren + starta i jobb, så den er noko slankare. 

Eg blei ganske fornøgd med kvaliteten også:

Boka frå 2012

Baksida

Mariusjakka mi frå 2011

Sokkar og Paris i 2012

Artikkel frå den gongen eg vart helgas blogg våren 2011

Mykje produksjon
Himalaga av Marie
No har eg bloggen for evig og alltid i papirform, noko eg syns er stas! Kjempekjekt å bla gjennom bøkene og sjå kva eg har laga opp gjennom åra. Dette blir nok fast tradisjon! Kven skulle vel tru at eg ein gong sko skrive, ikkje berre ei, men 3 bøker? Hihi, superstas! ;) 

onsdag 6. mars 2013

Ein liten søt Oslo-anorakk!

Oslo-anorakken er nok ein yndling for mange, meg inkludert. Lenge har eg har lyst til å strikke denne herligheten, og litt før jul satt eg i gong. Det tok kun ei helg og vips så var den ferdig. Det tok ein smule lengre å få han på bloggen derimot...men her kjem han:

Oslo-anorakken i rosa og brunt

Hjerter til pynt


Og hjerteknappar

Oppskrift: Oslo-anorakken
Garn: Nepal
Pinne: nr. 5
Størrelse: 3-4 år

Ein fryd å strikke!