mandag 24. juni 2013

Mosters Babystrømper

Enkle babysokker, med ein morosam vri, for desse blir strikka att og fram, og ikkje rundt og rundt. Fint feriestrikk, da det ikkje tar store plassen i veska og det heller ikkje er så avansert oppskrift.



Oppskrift: Mosters babystrømper
Garn: Fabel
Garnmengde: ca halvt nøste
Størrelse: 4-12 mnd
Pinne: nr 2,5

søndag 16. juni 2013

Søt babyjakke med flette

Jakka eg aldri trudde skulle bli ferdig, er nå FERDIG! Det var hallelujastemning i heimen når eg strikka dei siste maskene, for denne har tatt laaaang tid! Men når du velger å strikke ei jakke i str. 2 år, i babyull på pinne 3, med mykje glattstrikk, ja då ber du vel egentlig om det! Jakke blei etter min meining, god og romslig, så forhåpentligvis vil den ha lang brukstid, men som vanlig har den ikkje nokon mottakar, så den får ligge fint i strikkekurven!

Jakke i rooosa!

Oppskrifta fann eg på nettsida til familiejournal.dk. Dei har mykje fine oppskrifter, og denne her fallt eg for med ein gong. Jakka krever ein del arbeid, men eg syns det var verdt det. Du startar med å strikke fletta på langs, og når den er ferdig tar du opp masker for å strikke hals, før du tar opp masker på motsatt side og strikkar nedover. 

Flette rundt halsen

Supersøte treknappar!

Ein stk ferdig jakke!


Baksida

Fletta bak
I kjent stil måtte eg endre litt på oppskrifta, men denne gongen var det god grunn til det. Oppskrifta ville at vrangborda skulle ha eit veldig merkelig (og egentlig nokså stygt) mønster, med hull og fletter. Dette syns eg ikkje passa, så eg gjorde likt som på halsen både på armane og på vrangborda nederst på jakka. Eit klokt valg syns eg! 
 
Min versjon av vrangbord på armane

Mønster: Strikk nutten babytrøje
Garn: Babyull fra Gjesdal
Pinne: nr. 3
Størrelse: 2 år


Viss eg nokon gong strikkar denne jakka igjen så kan eg love deg at det ikkje blir i str. 2 år! Då blir det heller den minste størrelsen, for eg liker jakka, eg liker berre ikkje at den tar så lang tid å lage! :P

torsdag 13. juni 2013

Strikkeapp!

Det fins jo ein app for alt, og eg fann denne strikkeappen:

Appen "Knit"
Denne var kjempegenial når du strikkar ting som du må telle og holde tunga rett i munn. Du kan både telle rader og masker, og ved fletting kan du legge inn intervaller når du f.eks. skal flette kvar 6 rad osv. Check it out!

søndag 2. juni 2013

Fiona

Husker dere Elvira tunika/kjolen eg strikka for ei stund tilbake? Nå har eg strikka nok ein tunika/kjole av same mønsterdame. Denne er sjølvsagt også veldig søt! Må sei ho dama kan dette med å designe søte baby-kjoler!

Framsida

Baksida

Små hjerteknappar

Mønster: Fiona
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 3 og nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd.
Garnmengde: litt over 1,5 nøste rosa +
liten slump av kontrastfarge 



Eg har forresten strikka denne rundt og rundt, og ikkje i to deler som sys saman til slutt i sidene, slik som oppskrifta vil ha det. Eg såg ikkje heilt vitsen i å strikke heile att og fram, for så å sy saman, når den fint kan strikkast rundt og rundt. Det eg gjorde da var å ta alle delene saman den omgangen det skulle leggast opp masker for armhola. Det einaste du må passe på er at på dei første mønsterrapportane er det ulikt maskeantall mellom mønsteret på framsida og baksida. Men etter kvart så blir desse like og då er det ingen problem :)