lørdag 24. november 2012

Her var eg i helga som var!

Endeleg fekk eg tatt turen innom her etter nyåpninga:

Just around the corner!
Kom inn, kom inn!
Koselig liten butikk :)

MYKJE garn!

Og mange bøker! Julegavetips nr. 1!

Eg måtte sjølvsagt sjå og kjenne på dei fine plagga

Butikken ligg vegg i vegg med det rommet som var "butikken" deira før, men det nye rommet er ein del større. Det var mykje som frista, og det blei sjølvsagt med noko i posen heim ;) 

På tide å gå, før eg ruinerar meg heilt!

lørdag 10. november 2012

Uglelue, hoot hoot!

Nokon gonger finn du noko du berre MÅ strikke, og du slepp alt anna du har i hendene og sett i gong. Slik hadde eg det med denne ugle lua. Når eg såg denne på bloggen til monstermønster var det fyrste eg gjorde dagen etter å kjøpe garn og mønster. Lua blei strikka på ein kveld. Tjukkt garn, tjukke pinnar og eit lite hovud, perfekt kombo. Resultatet blei kjempekult!

JA, det er ei DUKKE (faktisk ei porselensdukke)

Hoot Hoot!

Mønster: Chouette
Garn: Eskimo
Pinne: nr. 6
Størrelse: 1-3 år
Garnforbruk: litt over 1 nøste

søndag 4. november 2012

Mi superdeilige lavendeljakke

Påstarta i februar, fullført i oktober. Det viktigaste er no at ho er ferdig da! Den låg veeeeeeldig lenge nesten ferdig, mangla kun ein arm. Men så satt kulden inn her i Oslo, og eg fekk plutselig veldig trang til å fullføre den. Og det gjorde eg! Jakka er strikka i halvpatent og det gir så fin effekt! Garnet er abuelita tjukk merino frå Pickles, og det er supermjukt. Einaste ulempen er at det loar litt... 

Har endra litt på oppskrifta; den er strikka noko lengre enn kva oppskrifta sa, armane er strikke rundt og rundt og ikkje att og fram, og armane er også strikka lengre enn i oppskrifta :) 

Supermjuk og deilig jakke

Himalaga lappen må på

Høst!




Mønster: Lavendeljakke
Garn: Albuelita tjukk merino farge Gråpus trur eg
Pinne: nr 7
Garnforbruk: ca 5 100gramsnøster 

Ps. Vottane eg har på meg har eg blogga om her.