mandag 31. desember 2012

Året som gjekk!

Då er det kun timar som gjenstår av året 2012, og då er det det perfekte tidspunktet til å sjå litt tilbake på kva som blei laga i løpet av året. Som vanleg er det produsert massevis, og her er eit lite utval frå året som gjekk:

Strikkeåret 2012
Det var ikkje absolutt alt som fekk plass her, men ein god del i det minste.
Og med dette så vil eg ønske alle mine lesarar eit Godt Nytt År! Og håpar med bloggast inn i det nye året! :) 

tirsdag 25. desember 2012

Flettepannebånd...i fleng!

Det var fleire som fekk slike under treet i går. Slik går det når eg finn ei så enkel og fin oppskrift! Og fin måte å få kvitte seg med litt restegarn på :)

Det sjette gløymde eg å ta bilete av, og eg gidda ikkje pakke opp igjen!

To i grått

Og 4 i lysebrunt

Fletter!

God jul alle mann!

fredag 21. desember 2012

Eit raudt skjerf

Når du gir eit gåvekort som seier at eg skal strikke det bursdagsbornet ønsker, så må du ta det du får. Du ber jo om det. For denne bursdagsjenta ville ha eit skjerf. Og det skulle vera raudt. Og langt! Og i rillestrikk. Wohoo! Verdas mest keisame strikkeprosjekt... Men resultatet blei i det miste bra og med tjukt garn og pinnar så gjekk det heldigvis unna! :)

Hallveis, og det ville ingen ende ta! 
Men det blei i alle fall langt nok håpar eg
Eller kva?

Eg lagde slike tustar på enden for å sprite det litt opp

Langt, langt skjerf

Mønster: Fri "fantasi"
Garn: Eskimo 7 nøster trur eg
Pinne: nr. 8
Eg brukte ingen oppskrift men om du skulle ha lyst å lage eit slikt ett så gjer du slik:
  • Kjøp inn tjukt garn, gjerne Eskimo frå drops. Det er billig og det klør ikkje noko særleg. Til så langt skjerf eg har laga gjekk det ca 7 nøster. 
  • Legg opp x antall masker på pinne nr 8. Du legger opp til du syns det er breit nok. Eg trur eg la opp rundt 25 masker.
  • Strikk til du går tomt for garn. Eventuelt la det vera litt igjen og sett på "tuster" på endane. Fell av og voila! 
Enkelt og greitt! 

God strikking!


lørdag 15. desember 2012

Uglemor har kome på besøk, og ho har med vin!

Jada, jada, dårlig med blogging bla bla bla. Eg tar ingen ansvar! Det lar eg jobben min ta!

Men sjekk den nye ugla mi! Dødskul! Falt pladask når eg såg ho fyrste gong og måtte berre setta i gong med strikkinga. Og best av alt, ho har med seg vin!

Vinugla før toving


Vinugle etter toving


Vinugla pyntar så fint opp i stua mi :)

Vinkranen har ho gøymt under vinga :)


Mønster: Heftet Tema 32 Toving
Garn: Fritidsgarn
Pinne: nr. 6 og heklenål nr. 5

Eg brukte litt meir brunt enn kva som stod i oppskrifta,
og måtte derfor kjøpe eit ekstra nøste.

Eg og vinugla mi vil med dette ønske alle lesarane mine ei riktig fin helg!

søndag 2. desember 2012

Love mittens

Kjærastevott, bryllupsvott, kjært barn har mange namn. Dette er andre gong eg strikkar denne type vott, den fyrste blei litt vel arbeidskrevande (alle trådane er fortsatt ikkje festa...), så denne gongen gjorde eg det litt enklare for meg sjølv. Kun to fargar og ikkje tre. Det gjorde jobben utruleg mykje betre.

Vottane er strikka i anledning bryllup og eg har derfor prøvd å gjere dei litt meir personlige. Jentevotten har fått forbokstaven til sin mann, mens guttevotten har fått forbokstaven til sin kone. Fellesvotten har fått bryllupsdatoen på den eine sida. Som dykk sikkert ser så var bryllupet for ei stund sidan, så eg er litt seint ute, men men. Vi skulle ha vore i bryllup i USA i sommar, men dette passa ikkje med jobb, men gåve må dei få! Desse blir shippa over til USA i løpet av veka håpar eg, det byrjar vel å bli litt kaldt der også nå. 

Guttevott - K -

Guttevotten er strikka i grått med kvitt mønster

Jentevott - R -

Jentevotten er strikka i kvitt med grått mønster

Fellesvott, sjølvaste kjærastevotten


Fellesvotten er grå med kvitt mønster på den eine sida og motsatt på den andre sida. 
Mønster: Kjærestevotter fra Raumagarn LVS-3
Garn: Trysilgarn superwash
Pinne: nr. 2,5 og 3
Eg blei kjempeførnøyd med resultatet, håpar dei nygifte også blir det :)