søndag 2. desember 2012

Love mittens

Kjærastevott, bryllupsvott, kjært barn har mange namn. Dette er andre gong eg strikkar denne type vott, den fyrste blei litt vel arbeidskrevande (alle trådane er fortsatt ikkje festa...), så denne gongen gjorde eg det litt enklare for meg sjølv. Kun to fargar og ikkje tre. Det gjorde jobben utruleg mykje betre.

Vottane er strikka i anledning bryllup og eg har derfor prøvd å gjere dei litt meir personlige. Jentevotten har fått forbokstaven til sin mann, mens guttevotten har fått forbokstaven til sin kone. Fellesvotten har fått bryllupsdatoen på den eine sida. Som dykk sikkert ser så var bryllupet for ei stund sidan, så eg er litt seint ute, men men. Vi skulle ha vore i bryllup i USA i sommar, men dette passa ikkje med jobb, men gåve må dei få! Desse blir shippa over til USA i løpet av veka håpar eg, det byrjar vel å bli litt kaldt der også nå. 

Guttevott - K -

Guttevotten er strikka i grått med kvitt mønster

Jentevott - R -

Jentevotten er strikka i kvitt med grått mønster

Fellesvott, sjølvaste kjærastevotten


Fellesvotten er grå med kvitt mønster på den eine sida og motsatt på den andre sida. 
Mønster: Kjærestevotter fra Raumagarn LVS-3
Garn: Trysilgarn superwash
Pinne: nr. 2,5 og 3
Eg blei kjempeførnøyd med resultatet, håpar dei nygifte også blir det :)

7 kommentarer:

  1. kjekkaste presangane d :) klem fra mari!

    SvarSlett
  2. Så fine, og for ein kjekke presang:-)

    SvarSlett
  3. Jeg beundrer disse vottene merker jeg- har begynt å strikke med to tråder de siste to ukene nå og vet hva det tar av tid og tålmodighet. De var utrolig skjønne! :)

    -Nutte

    SvarSlett
  4. Flotte kjæresteparvotter som jeg svært gjerne skulle hatt oppskrifte på snareste råd!! Takknemlig for kjappt svar!! Skal helst være ferdig til jul!
    Veldig flotte votter!! Du er dyktig!!'

    Gunvor

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Det er opplyst i blogginnlegget kva hefte oppskrifta kjem frå, Lykke til! :)

      Slett
  5. kunne du lagt ut oppskriften på disse kjærstevottene? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, dette er en oppskrift med copyright på, så eg kan ikkje legge denne ut. Det står opplyst i blogginnlegget kva for hefte dei kjem frå, så då må du nesten gå til anskaffelse av det :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)