onsdag 26. november 2014

Hentesett med bølgejakke og romper

Eit hentesett skal vera litt spesielt, det syns i alle fall eg! Når ei venninne av meg skulle bli tante og ville eg skulle strikke for ho, tenkte eg å sette saman ein fin kombinasjon av plagg til eit hentesett. 

Valget fall på bølgejakka frå Dalegarn, den er berre så utrulig fin! Til denne valgte eg å strikke ein romper med egen vri, samt lue og lange sokkar som stod i stil. 


Samtlige plagg fekk denne gong ein egen vri, og er derfor heilt unike! Jakka endra eg øvre del på kor flettene er. I utgangspunktet skulle det vere ein anna type flette, men for å få mønsteret i stil med resten av sette valgte eg å lage ei vanlig flette over 4 masker. Eg likar også denne type flette betre enn originalen, så då blei det slik! Jakka blei strikka i størrelse 2-4 mnd, men for at ho ikkje skulle bli for stor til ein nyfødt strikka eg jakka på pinne 2. Eg syns resultatet blei akkurat som eg hadde sett for meg:

Mønster: Hentesett frå Dalegarn hefte 277 med egen vri
Størrelse: 2-4 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2
Garnforbruk: 89g

Sjølvsagt måtte settet få ein romper! Valget fall på romperen frå "Den store guttestrikkeboka", men det måtte til nokre eigne tilpasningar. Eg valgte å strikke den i glattstrikk med fletter langs sidene. Flettene går også her over 4 masker. 


Mønster: Babydrakt frå Den store guttestrikkeboka med egen vri
Størrelse: 3 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 3
Garnforbruk: 42g

 

Eg benyttet som mange gonger før oppskrifta fra på enkel babylue frå Nøstebarn. Denne har eg tilpassa slik at det passar til bølgemønsteret, og pyntet med silkebånd.

Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn med egen vri
Størrelse: 0-3 mnd.
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 20g




Ettersom det nærmar seg vinter kan det bli litt kaldt med ein romper på ein liten kropp, derfor måtte det lange sokkar til. For å få sokkar som stod i stil måtte eg nesten ha fletter på. Eg endte då opp med å strikke "Vottesokken" frå Myk Start boka, kor eg strikka dei i glattstrikk med ei flette på kvar side. Også denne gong flette over 4 masker.

Mønster: Vottesokken frå Myk start meg egen vri
Størrelse: 0-2 mnd.
Garn: Sandnesgarn Babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 24g







torsdag 13. november 2014

Bloomsbury med tilbehør

Til 1-års dagen til ei lita søt jente strikka eg eit sett beståande av ein bloomsbury-genser, foldeskjørt og clover earflap hat. Settet blei veldig søtt, og samtlige av oppskriftene har blitt favorittar hos meg den siste tida.

Søtt jentete sett!

Bloomsbury genseren har eg lenge tenkt å strikke, men har aldri funne ein passande anledning. Når mammaen sa at ein genser kunne vore fint til lillejenta, då såg eg mitt snitt til å prøve meg på denne. Den er veldig gøy å strikke, og ettersom det er mønster heile vegen føler du heile vegen framgang. Det hjelper også på at den strikkast med litt tjukt garn på pinne 5 og 5,5, då går det unna! Mønsteret kan kjøpast på Ravelry, sjå link under bilete.

Mønster: Bloomsbuy
Størrelse: 18 mnd
Pinne: nr. 5,5 (og 5)
Garn: Nepal frå Drops
Garnforbruk: 185g


Baksida på genseren er bare nydelig!


Som tilbehør valgte eg å strikke foldeskjørtet frå Strikk til smårollinger, rett og sett fordi det er supersøtt! Syns også det passa fin til. Dette skjørtet har eg strikka før her.


Ettersom eg nå har fått meg "knitting mill" så er det ikkje noko stress lengre å lage snorer. Eg laga difor likesågodt 2 stk, i ulik farge:

Mønster: Foldeskjørt frå Strikk til smårollinger
Størrelse: 1-2 år
Pinnestørrelse: nr. 3
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Garnforbruk: 69g
Eg toppa sette med ei av mine favorittluer for tida; Clover Earflap Hat. Eg veit nesten ikkje kva for nummer dette er av denne type lua, det har blitt mange i det siste!


Lue og genser

Mønster: Clover Earflap Hat
Størrelse: 1-2 år
Pinne: nr. 2,5
Garn: Baby Merino frå Drops
Garnforbruk: 40g



Komboen av strikkeplagg likte eg så godt at eg er i gong med eit nytt! 

fredag 7. november 2014

Ny bok fra Pickles!

Eg syns Pickles-jentene er veldig flinke til å gjere stas på kundene sin, og finne på morosame påfunn! I anledning ny bok, lagde dei i stand ein boklanseringsfest. Sjølvsagt måtte eg gå på den!

Eg og nokre venninner møtte derfor opp, og vi var ikkje åleine, det var mange som hadde møtt opp. Så mange, at vi måtte stå i kø utanfor og det attpåtil i regnvær. Men det gjorde ikkje så mykje når dei søte pickles-jentene kom rundt og serverte sprudlene vin og godis til oss som stod ute i kø!

Boblevin, goodiebag og ny bok! 


Med meg heim fekk eg både den nye boka, og ein goodiebag. Pickles lager alltid supre goodibags, og denne gong var intet unntak!

Goodiebagen inneholdt; garn, pose til strikketøyet, måleband og knappar

Eg tenkte også at eg skulle gi dykk ein smakebit fra boka og mine favoritter! Som dei skriv i boka, så er dette en temabok, det vil sei at dei aller fleste kleda er i same "sjanger". Det er ein del oppskrifter som er  kva eg vil kalle "cowboy og indianer" inspirert. Men det er også ein del "vanlige" oppskrifter også. Her er dei eg likte best:

Saloon-kjole

Fjøsdress

Søndagssett

Ramsalt Bølgeteppe

Fekjole

Svalestupsolliv

Sjøsprøytgenser

Dette er kun ein liten smakebit, for det er heile 60 oppskrifter i boka!