onsdag 26. november 2014

Hentesett med bølgejakke og romper

Eit hentesett skal vera litt spesielt, det syns i alle fall eg! Når ei venninne av meg skulle bli tante og ville eg skulle strikke for ho, tenkte eg å sette saman ein fin kombinasjon av plagg til eit hentesett. 

Valget fall på bølgejakka frå Dalegarn, den er berre så utrulig fin! Til denne valgte eg å strikke ein romper med egen vri, samt lue og lange sokkar som stod i stil. 


Samtlige plagg fekk denne gong ein egen vri, og er derfor heilt unike! Jakka endra eg øvre del på kor flettene er. I utgangspunktet skulle det vere ein anna type flette, men for å få mønsteret i stil med resten av sette valgte eg å lage ei vanlig flette over 4 masker. Eg likar også denne type flette betre enn originalen, så då blei det slik! Jakka blei strikka i størrelse 2-4 mnd, men for at ho ikkje skulle bli for stor til ein nyfødt strikka eg jakka på pinne 2. Eg syns resultatet blei akkurat som eg hadde sett for meg:

Mønster: Hentesett frå Dalegarn hefte 277 med egen vri
Størrelse: 2-4 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2
Garnforbruk: 89g

Sjølvsagt måtte settet få ein romper! Valget fall på romperen frå "Den store guttestrikkeboka", men det måtte til nokre eigne tilpasningar. Eg valgte å strikke den i glattstrikk med fletter langs sidene. Flettene går også her over 4 masker. 


Mønster: Babydrakt frå Den store guttestrikkeboka med egen vri
Størrelse: 3 mnd (nyfødt)
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 3
Garnforbruk: 42g

 

Eg benyttet som mange gonger før oppskrifta fra på enkel babylue frå Nøstebarn. Denne har eg tilpassa slik at det passar til bølgemønsteret, og pyntet med silkebånd.

Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn med egen vri
Størrelse: 0-3 mnd.
Garn: Sandnes babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 20g




Ettersom det nærmar seg vinter kan det bli litt kaldt med ein romper på ein liten kropp, derfor måtte det lange sokkar til. For å få sokkar som stod i stil måtte eg nesten ha fletter på. Eg endte då opp med å strikke "Vottesokken" frå Myk Start boka, kor eg strikka dei i glattstrikk med ei flette på kvar side. Også denne gong flette over 4 masker.

Mønster: Vottesokken frå Myk start meg egen vri
Størrelse: 0-2 mnd.
Garn: Sandnesgarn Babyull
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: 24g







15 kommentarer:

  1. Det vart no veldig snasent! Heldig baby :)

    SvarSlett
  2. Nydelig hentesett du har strikket :) Fint med flettene som gikk igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Liker sett som matchar ;)

      Slett
  3. Fantastisk nydelig sett! Heldige lille! =)

    SvarSlett
  4. For et utrolig nydelig hentesett du har laget!

    SvarSlett
  5. Åh, så nusselige saker altså! Nydelig :))

    SvarSlett
  6. For et nydelig sett. Det er så fint når man kan ta forskjellige oppskrifter og tilpasse dem så de passer perfekt sammen :D

    SvarSlett
  7. Hei! Eg vil gjerne strikke denne bølgejakka, men når eg ser på Dalegarn sine sider så skjønar eg ikkje heilt kva mønster det er. Stemmer det at det er hefte 277? Eg forstår at du har endra den øverste delen, men på dei bileta som ligg ute klarer eg ikkje sjå noko bølgemønster.

    SvarSlett
  8. Det var nydelig! Så flink du er til å tilpasse og lage din egen vri! 😊

    SvarSlett
  9. Det var nydelig! Så flink du er til å tilpasse og lage din egen vri! 😊

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)