mandag 26. oktober 2015

Omslagsbukse

Jentene i Paelas har ein tendens til å lage mønstre som får det til å klø litt ekstra i strikkepinnene. Og omslagsbuksen er intet unntak. Mens eg var i Peru, nærmare bestemt i Cusco, fann eg ein liten butikk som solgte klede lagd av alpakka. Det viste seg at dei også solgte litt garn av merke Indiecita DK som er laga av baby alpakka, noko som gjer garnet supermjukt! 4 nøster fekk blitt med meg heim den dagen. Men eg visste ikkje heilt kva eg sko laga av dei, heilt til eg såg omslagsbuksa på Paelas.com. Gartjukkelsen passa og eg hadde faktisk rette pinnar med meg også! Flax, med tanke på at eg kun har med nokre få pinnar.

Mjuke deilige nøster frå Peru
Omslagsbuksa var veldig morosam å strikke, og litt annleis enn andre brukser eg har strikka. Denne strikkes flatt i eit stykke, for så å bli sydd saman. Eg lurte litt underveis på om det kunne vera riktig, for det spg litt merkelig ut til tider syns eg, men den blei som den skulle til slutt:

Før montering
Etter montering
Når buksa var ferdig montert knota eg først litt med korleis snora skulle festast, men det gjekk seg til det også. I tillegg til å feste snora, hekla eg også to små hemper. Fingerhekla vel og merke, for heklenål har eg sjølvsagt glømt å ta med meg på reise, men det funka det også, og det er godt gamle kunster også kan komme til nytte! 

Baksida
Strikket snor og hemper i siden og midt bak

Buksa blei utrolig nydelig syns eg, all ære til dei flinke Paelas-jentene som har laga denne oppskrifta! Og garnet eg valgte gjorde at buksa blei silkemjuk og deilig! Det passa verkelig godt til oppskrifta. Dette er definitivt ei av mine favorittbukser, og eg ser for meg at det vil bli ein del av desse framover. Perfekte til barselgåve!
Mønster: Omslagsbukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Indiecita DK
Pinne: 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: ca 2,5 nøster

Sparkebuksesett

Det har lenge vore planar om å strikke dette settet, men strikkelista er lang som eit vondt år og den berre veks og veks! Men nå som eg er på verdens-reise i 6 mnd, var eg litt lur, for då tok eg med meg garn nok til heile dette settet. Og når du har begrensa tilgang til garn, ja då strikkar du faktisk det du har garn til! 

Heile settet er difor blitt nokså internasjonalt og jakka har vært med gjennom heile fire land; Belize, Guatemala, Nicaragua og Costa Rica! Buksa derimot blei påbegynt i Costa Rica, strikka på i Panama og fullført på Galapagos! Det er ikke ofte strikke plagga mine er så bereist! 

Settet er strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn som blei kjøpt på fabrikkutsalget til Sandnesgarn til ein billig penge. Så heile dette sette kom vel kanskje på ein hundrelapp. Ikkje verst må eg sei! Eg huskar dessverre ikkje heilt kor mange garn eg hadde med meg, men eg meiner på at det var 5 stk, og sit kun igjen med ein litan stomp. 

Førsta mann ut; Jakka: 
Mønster: Jakke i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: I underkant av 2 nøster
Neste mann ut; sparkebuksa:
Mønster: Sparkebukse i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: ca 2,5 nøster
Og til slutt; Lua
Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: Rundt et halvt nøste
Heile settet samla;

Litt fleire detaljer:
Toppen på sparkebuksen
Søte føtter på sparkebuksen
Hele settet i skjønn forening


fredag 9. oktober 2015

Fletteshorts

Det finnes også ein shorts-versjon av fletteromperen eg tidlegare har blogga om. Den strikkes i utgangspunktet heilt likt, men er kortare og utan selar. Eg hadde eit einsleg gult garn liggande i merino extra fine, noko som skulle vise seg å vera akkurat nok til ein liten søt bleietruse. Nokon vil kanskje sei at det er litt overkill med både to ulike fletter OG perlestrikk, men eg syns mønsteret er kjempefint!

Framsida

Baksida

Mønster: Fletteshorts
Nettside: Tiddelibom.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: nyfødt
Garnforbruk: 46g