søndag 30. oktober 2011

Oppskrift på flettelue á la Marie

NB! Eg har oppdaga ein feil i dette mønsteret etter tips frå ein lesar. Har ordna dette og trur det nå skal vera rett. Om nokon prøvar mønsteret er det fint om dykk seier frå om dykk finn meir feil :) /Strikkeguri 19.01.2013

Her kjem oppskrifta på lua eg strikka ei stund tilbake. Denne oppskrifta har eg laga sjølv, og tenkte derfor at eg skulle dele den med dei kjekke lesarane mine! Eg blir kjempeglad om nokon strikkar ho og visar meg bilete av den til meg etterpå, f.eks. på bloggen din, syns det er kjekt å sjå korleis andre tolkar oppskrifta mi ;) Benyttar du oppskrifta ber eg deg om å linke til mi side, og venligst ikkje kopier oppskrifta og legg ho ut på din blogg, link heller til min :) 

Oppskrifta er meint til privat bruk og ikkje videresal!


Lua er one size, trur den vil passe til dei fleste, iallefall damer :)

Det du treng for å lage denne lua er:
Garn: Freestyle ca 3 nøster (eller tilsvarande garn med strikkefasthet på 17m per 10cm)
Rundpinne nr. 5 og strømpepinnar (til toppen)
Ein omgangstellar kan vera smart også

Forklaring til forkortelsane:

r - strikk rett maske

v - strikk vrang maske

6mV - ta 3 masker på ein flettepinne, strikk dei 3 neste, strikk så dei 3 maskene på flettepinnen.

2rsm - strikk to masker saman


Her er sjølve oppskrifta:

Legg opp 104 masker på pinne nr. 5 og strikk etter oppskrifta nedanfor:


Omg. 1-37: [1r, 1v] heile runden.
Omg. 38-43: [6r,1v] x 15, øk 1 maske i starten til 105m
Omg. 44: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV,1v]
Omg. 45-50: [6r, 1v] x 15
Omg. 51: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 52-57: [6r, 1v] x 15
Omg. 58: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV,1v]
Omg. 59-64: [6r, 1v] x 15
Omg. 65: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 66-71: [6r, 1v] x 15
Omg. 72: ([6mV, 1v], [6r, 1v]) x 7, [6mV, 1v]
Omg. 73-78: [6r, 1v] x 15
Omg. 79: ([6r, 1v], [6mV, 1v]) x 7, [6r, 1v]
Omg. 80-85: [6r, 1v] x 15 Reduser med 1 maske siste omgang
Omg. 86: [2rsm] heile omgangen
Omg. 87: En omgang rett
Omg. 88: [2rsm] heile omgangen


Her gjeld det å tunga rett i munn, slik at du til ei kvar tid veit kva omgong du er på ;)

Etter omgang 88 snørper du berre saman toppen og festar tråden. Til slutt kan du gjerne lage ein dusk til toppen :)

Vrangborda, dei fyrste 37 omgangane skal brettast slik at du får dobbel kant. Du kan redusere antall omgangar her om du vil ha ein smalare kant.

Håpar lua fell i smak sjå nokon av dykk, eg likar iallefall mi kjempegodt :)

God strikking! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)