mandag 5. desember 2011

Korleis strikke inn ein tråd?

f.eks på tommelen til ein vott :P

Denne metoden har eg nettopp lært meg, men det visar seg at denne er forholdsvis vanleg å bruke og at det er min gamle metode som heller er litt uvanleg :P Slik går det når du må lera deg slike ting sjølv :P Men det er sikkert andre enn meg som ikkje kan denne metoden, derfor tenkte eg å vise den i korte trekk her. Den er faktisk ganske lett :)

  • Strikk fram til der du normalt vil sette av masker på ein tråd, dvs. når du er ferdig med tommelkilen. Ta så ein trådstump (her rosa) og strikk over dei maskene som skal settast bort til tommelen.

Her er det strikka over dei maskene som er til tommelen med rosa tråd.

  • Ta så maskene over på pinnen til venstre, slik at du kan strikke over dei igjen (som vist på bilete)

Her er maskene ført tilbake til den fyrste pinnen,
slik at dei er klare til å bli strikka over ein gong til.
  • Strikk så over maskene på vanleg vis, med dei trådane du har brukt heile tida. Hugs å følgje mønsteret :)

Det er nå strikka over maskene to gonger.

Her er tråden ferdig strikka inn.

  • Nå er det berre å strikke ferdig votten. Når votten er ferdig strikkar du tommelen. Du kan forsåvidt gjere dette før, men eg foretrekk å gjera det til slutt :) Du skal nå fiske opp maskene som er på tråden. Eit smart triks her (som eg ikkje gjorde på den fyrste tommelen min!) er å plukke opp maskene før ein drar ut tråden. Dei nedre maskene er nokså enkle å få innpå pinnen. Dei øvre maskene har eg plukka opp med å ta den fyrste tråden i "v'en" liksom bortover, slik at ein til slutt har lika mange masker på begge pinnane. Når dette er gjort er det berre å dra ut tråden.

Nå er det berre til å dra ut tråden :)

  • Det vil nok vera oppgitt i oppskrifta kor mange masker du skal ha. Det skal som regel vera meir enn kun desse maskene som du nå har tatt opp. Typisk skal du strikke opp ei maske i kvar side. Dette vil unngå at du får hol. Om det likevel skulle bli hol her så er det ein løysning på dette! Ta heller opp to masker, men på neste omgang strikkar du desse to saman. Då vil du hindre hol, og du vil fortsatt ha rett antall masker :) Nå er de berre å strikke ferdig tommelen!
God strikking!

    5 kommentarer:

    1. TAKK! Nå blir det julegaver med fine tomler, uten høl.

      SvarSlett
    2. Slik gjør jeg det også:) Og blir det et lite hull likevel, så syr jeg det bare sammen!

      SvarSlett
    3. Eg har også pleid å sy saman om det blei hol, men så las eg ein plass tipset om å legge opp ei ekstra maske for så strikke to saman. Syns det var eit smart tips :)

      SvarSlett
    4. Dette var jo veldig lurt... din "gamlemåte" som du sier kanskje er uvanlig er den jeg pleier å bruke også... Må si jeg lærer mye nytt om strikking av bloggen din! :D

      Jeg har alltid irritert meg litt over at jeg har så små sikkerhetsnåler, så hver gang jeg skal ta masker over på den klarer jeg å miste en eller to masker som jeg sliter med å strikke opp igjen.. med denne metoden unngår man jo det. Dette må huskes!

      SvarSlett
    5. Eg suns iallefall at denne måten var veldig grei :) Ikkje mistar du masker heller :P Men nå veit eg ikkje kva eg skal bruke alle dei store sikkerhetsnålene mine til!

      SvarSlett

    Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)