søndag 16. mars 2014

Nydelig hentesett frå Dale

Når eg såg dette hentesettet for fyrste gong blei eg heilt forelska, mykje fordi eg trudde det var likt mønster som på lillies top som eg berre elskar. Det viste seg å ikkje vara heilt likt, men då tok eg like så godt å endra mønsteret slik at det blei likt. Det var berre små endringar på fletta som skulle til. Resultatet blei kjempefint syns eg! Sette blei strikka i størrelse 3 mnd, men sidan eg strikka det i Drops Baby Merino som har litt tjukkare strikkefastheit enn mønsteret, så er settet nok meir 4 mnd+ (tida vil vise). Dette var hovudplagget i barselgåva eg blogga om for litt sidan. 



Yndlings-flette-mønsteret mitt for tida
Buksa blei ferdigstrikka på Hawaii




Mønster: Dale hentesett # 22605
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 3mnd ++
Garnmengde: mista tellinga...

4 kommentarer:

  1. Nydelig hentesett ja! Og veldig fin farge :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Det blei godt mottatt :)

      Slett
  2. Likte absolutt mønsteret! Litt spanande og annleis enn vanleg flette.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er det ikkje fint? Eg er heilt forelska i det! :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)