onsdag 22. juni 2011

Korleis felle tå?

I eit tidlegare innlegg viste eg ein metode for å strikke hæl. Men når ein kjem vidare på sokken så vil ein vel kanskje også vete korleis ein feller for tå? Isåfall kjem det ein forklaring her, om du vil eller ikkje! ;) Dette er den måten eg likar best å felle for tå og den er brukt både på uglesokkane og på vaffelsokkane:

Strikk sokken ca 5 cm kortare enn kva du vil ha han. Start så på tåfellinga! Før ein startar å felle er det lurt å sjå til at det er like mange masker på kvar strikkepinne og at det er like mange masker på "framsida" som "baksida" ettersom ein fellar langs sidene på ein måte.

Eg vil nok ein gång benytte uglesokken som eit eksempel, og då kan det vera lurt å merke seg korleis eg har nummerert pinnane. Pinne nr. 1 går frå midten av baksida og til framsida, pinne nr. 2 og 3 er halvparten av maskene på framsida (på same sida som uglemønsteret. og pinne nr. 4 er dei resterande maskene på baksida (under foten). 


Nå skal ein starte fellinga :) 

Pinne 1:
Strikk til det gjenstår 3 masker:



Strikk to masker saman, strikk så den siste maska:



Pinne 2:
Strikk fyrste maska, ta så den neste maska laust av, strikk så ei maske til, og trekk den maska du tok laust av over den du nettopp strikka:




Pinne 3:
Strikk til det er 3 masker igjen, strikk to masker saman og strikk så den siste maska.

Pinne 4:
Strikk fyrste maska. Ta så den neste maska laust av, strikk neste maske, og ta den maska du tok laust av over den maska du nettopp strikka.

Neste omgang strikkar du berre vanlig rett gjennom heile omgangen. 

Fortsett med denne fellinga anna kvar omgang. Dvs. at du strikkar ein omgang rett mellom kvar gång du strikkar ein omgang der du fellar av. 

Gjenta dette til kvar pinne har  ca 5 masker igjen. Dette kjem litt an på kor mange masker du starta med og kor spiss du vil ha tåa. I mitt tillfellet har eg strikka til 5 masker gjenstår.

Ta alle maskene på framsida på ein pinne, og alle maskene på baksida på ein pinne. (i mitt tilfelle 10 masker framme og 10 masker bak)


Du kan nå velge mellom 2 alternativer. Enten kan du benytte kitcheners stitch og sy den saman, eller så kan du benytte ein meir lettvint metode som er min favoritt på sokkar.

Her visar eg min metode:

Vreng heile sokken, slik at du får innsida ut. For å gjere dette kan du enten sette maskene på ein tråd eller på ei sikkerheitsnål og vrenge den, eller så kan du dra litt og litt av sokken gjennom det hullet som framleis er på toppen (det er det eg stort sett gjer)

Då vil det sjå slik ut:


Deretter skal di strikke to og to masker saman. For at dette skal funke må du strikke saman ei maske frå kvar pinne saman. Hold dei parallelt saman, slik som vist på bilete over, og start å strikk saman:



Gjer dette ut heile pinnen. NB: Det er viktig at det er like mange masker på begge pinnane.
Du har nå strikka saman tuppen på sokken! Då er det berre til å felle av og vrenge sokken.




Ferdig strikka saman tupp!




Ferdig fella tå!

Er du usikker på nokon av metodane så er dei fleste vist i dette innlegget. Du kan også gå på Garnstudio sine sider og sjå fleire demonstrasjonsvideoar. 

Håpar dette kan vera til hjelp for nokon strikkeglade sjeler! Og det er som alltid berre til å spørre om det skulle vera noko som er uklart eller noko dykk lurar på :)

Har du forslag eller ynskjer om strikketips og metodar du vil eg skal vise? så legg att ein kommentar da vel! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)