torsdag 11. september 2014

Lune striber

I garnlageret mitt fann eg to nøster i kvar sin fantastisk fine farge, men som for øvrig ikkje gjekk saman! Kva gjer du eigentlig med kun eit einslig nøste? Eg leita rundt i strikkebøkene mine, og falget fall på Lune striber fra Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrikk på pinne 3,5-4. Perfekt for å kvitte seg med restegarn! Eg gravde også fra litt rester av kvitt garn frå restegarn-posen min til å spe på og satt i gong. Ut fra desse to einslige nøstene mine pluss litt restegarn, fekk eg to sett med lue og vottar! 

Lune striber - Lue

Lune striber - vottar

Mønster: Lune Striber frå Babystrikk på pinne 3,5-4
Garn: Karisma frå Drops (mint) og Juvel (mørk gammelrosa)
Pinne: nr 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 50g + litt kvitt restegarn per sett

2 kommentarer:

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)