søndag 14. september 2014

Solskinnsdrakt fra Paelas

Det har kome mange nye strikkeoppskrifter i det siste, både på nettet (som f.eks. ministrikk.no og paelas.com) og i bokform (som f.eks. Strikk til mamma og mini og Meir strikk til nøstebarn), noko som kan fryde ein kvar strikkeentusiast! I alle fall meg! Eg har gått til innkjøp av både bøker og oppskrifter, og har både planlagt og satt i gong mange prosjekter. Ein skal i alle fall ikkje ligga på latsida denne hausten.


Ein av dei fyste oppskriftene eg prøvde i somar var Solskinnsdrakten frå Paelas, med andre ord så har den ligge lenge i ferdig-strikk-kurven allereie, og eg fann derfor ut at det var på tide å la den kaste lys over bloggen. Den er urtolig søt og jentete, og eg har fått heilt dilla på dei fine "vingene". Eg kan love det kjem meir slik "vinge-strikk" på blogger etter kvart! 


Garnvalget denne gong fall på Cotton Merino frå Drops (som forøverig kjem på tilbod 16. sept 25% avslag i Merino Mania kampanjen til drops). Eg kjøpte dette garnet sist gong det var tilbod på merinogarn. Dette var fyrste gong eg prøvde det, og eg må sei det innfridde! Eg har blitt meir og meir glad i blandingsgarn (ull/bomull) og Cotton Merino er intet unntak! Blandingsgarn av ull/bomull er både deilig å strikke med, deilig å gå med og kan brukast heile året! Cotton Merino er difor eit godt litt billigare alternativ til f.eks. lerke og duo. Eg kjem i alle fall til å kjøpe meir av det under Merino Mania!



Heile baksida

Mønster: Solskinnsdrakten
Garn: Cotton Merino frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 2 år
Garnforbruk: 73g lilla og 59g grå

Ps. Obeservante lesarar har kanskje lagt merke til at eg har endra design på bloggen. Eg følte det var på tide av ein litt meir "moderne" look. Kva syns dykk?  

12 kommentarer:

  1. Fin drakt du har strikket! Ermene er utrolig dekorative med bølgeformen:) Jeg liker bloggdesignet:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ermene er det eg likar best med oppskrifta :)

      Slett
  2. Denne drakten er så søt. Likte det nye designet :)

    SvarSlett
  3. Så mye artig babystrikk du lager!
    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Det fins jo så mange fine oppskrifter til baby :)
      Ha ein fin sundag!

      Slett
  4. Hei.
    For en fin drakt. Har du link til oppskriften? :)
    Finner den ikke :/

    SvarSlett
    Svar
    1. Nå er linken oppdatert, så nå skal du finne den :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)