mandag 25. april 2016

Kjappstrikka drakt og Faunalue x2

Når eg var heime hos mine foreldre i jula fann eg ein kasse med mamma sitt "restegarn". Ho hekla for ei stund tilbake fleire nydelig tappetepper i Merino Extra fine frå drops, det vil då sei at "restegarnet" var fleire fulle nøster i ulike fargar. Eg nappa til meg fleire av desse nøstene og fikk strikka ein del småstrikk i løpet av jula. Blant anna ein kjappstrikka drakt, og to faunaluer. 

Kjappstrikka drakt i isblått blei til i jula, men den lilla strikka eg for lenge sidan. Eg såg nokon på Instragram som hadde strikka faunaluen til den kjappstrikka drakten og syns det var ein fin match. Derfor blei det til både ei faunalue i isblå og ei lilla til den kjappstrikka drakten eg hadde i gåveskuffen. 

Ein stor og ein liten:


Strikkestabel
Den lilla drakten kan du se mer info om her.
Lua er ekstra søt med dusk!
Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne:nr. 4
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 68g


Mønster: Faunalue x2
Nettside: Paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne:nr. 3
Størrelse: 6-18 mnd
Garnforbruk: 41g/40g

4 kommentarer:

  1. Ingenting er vel bedre enn å arve hele garnnøster! Den gaveskuffen din skulle jeg gjerne sett, der tror jeg det er mye fint å sikle på :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Arve og arve, var vel heller jeg som tok meg til rette! :P
      Skal ærlig innrømme at det snart renner over i gaveskuffen! :P

      Slett
  2. Kjempe fine sett og farger :)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)