søndag 10. april 2016

Snoningstrøye

Siste mann ut i barselgåva er snoningstrøyen. Dere kan lese her om romperen, bølgejakken med lue og fletteromperen


Snoningstrøya gjekk som ein farsott på Instagram for ei stund tilbake (og fortsatt for den del), og eg hadde lenge lyst å prøve meg på denne. Derfor blei den siste mann ut i barselgåve til venninna mi.

Eg gjorde imidlertid litt endringer i mønsteret. Som eg sikker har sagt før er eg ikkje stor fan av montering, og går derfor långt for å unngå det. Denne jakka blir opprinnelig strikka i fleire deler og så sydd saman til slutt. Det blir for mykje unødig arbeid for meg, så eg strikka heile i eit stykke og satt innpå armane. Enkelt og greit, og mykje finare utan alle sømmane. 

Mønster: Snoningstrøye
Bok: Strikkede Babydrømme
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn
Pinne: nr. 3 og 4
Størrelse:3-6 mnd
Garnforbruk: 130g
Mønsteret på jakka finnes både i boka Strikkede babydrømme og gratis på nett her.

For dei som ikkje allereie har oppdaga det er er VELDIG glad i sett, og derfor måtte det sjølvsagt til ei lue også. Etter tips frå andre strikkarar tok eg utgangspunkt i lua Clover Earflap Har og bytta ut mønsteret med dei same "snoningane" som blir brukt på jakka slik at dei skulle stå i stil. Resultatet ser du nedanfor:


Mønster: Clover earflap hat med snoninger
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn
Pinne: nr. 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 47g 

4 kommentarer:

  1. Så fin! Jeg holder med deg i at det er finere uten så mye sømmer, særlig til de minste. Og det er SÅ fint med sett :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Mhm! Eg monterer minst mogleg hvis det er ein måte å gjer det enklare på :)

      Slett
  2. Nydelig sett! Fin farge og sikkert mye finere strikket i ett stykke enn i mange deler! Jeg er så enig med deg; unødig søm og montering er noe herk!
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :)
      mhm, blir mykje betre utan elle dei sømmane :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)