fredag 26. oktober 2012

Babytrøye

Sjå kva eg fann! Denne trur eg at har ligge i skapet sidan i somar. Det einaste som mangla var å sy saman sidene og sidan eg hadde "bli ferdig med liggande strikketøy helg" for litt sidan, så blei denne ferdigstillt! Den er jo supersøt. Sjølvsagt utan mottakar, som det meste eg strikkar, så den blir nok liggande i kurven ei stund til. Ulempen med å la ting ligge så lenge før dei er ferdige og kjem på bloggen, er at eg gløymer ut fakta som pinnestørrelse... Eg veit heller ikkje heilt kva størrelse han er, så det får bli ein barselgåve ein gong, så er eg sikker :P Den er ikkje så stor, men er veeeldig stretchy :)


Oppskrift: Babytrøye frå "Strikk til nøstebarn"
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: Nr. 4, trur eg.
Størrelse: Usikker...
Og nå er det endelig heilg! Eg har jobba laaange dagar kvar dag denne veka, noko som har resultert i null strikking. Fekk skvisa inn EIN omgong i går før eg hoppa i seng, men thats it! Så nå har eg benka meg til å i sofan, og aktar ikkje flytte meg. Nå skal det strikkast! GOD HELG! :D

2 kommentarer:

  1. Denne vesten er bare så fin og veldig praktisk i bruk. Har blitt noen slike vester her også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at du syns den er praktisk i bruk, for denne ligg fortsatt i gavekurven, men kjekt å vite at den vil kome fint med til den eg gir han til :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)