mandag 6. januar 2014

Vintage babylue

...med bølgemønster og rusjekant!

I det siste har eg blitt meir og meir fan av gammaldagse eller "vintage" babystrikkeklede. Det er utrulig kor mykje fælt som blei laga før, men det er også utrulig kor mykje nydelig som også blei laga! Eg har brukt ein del tid på å finne gamle oppskrifter, og det er faktisk ein del å få tak i. Eg har funne ein god del på etsy.com og litt på ebay.com. Då er dei fleste oppskriftene på engelsk, men eg syns det går heilt fint å strikke etter engelske oppskrifter. Noko anna eg syns er eit størreproblem er strikkefasthet og pinnestørrelse. Eg får sjeldan dette til å stemme på desse gamle oppskriftene, då dei som regel brukar utgåtte garn, og dei engelske oppskriftene syns eg bruker veldig store pinnar på noko som ser ut som tynt garn. Som regel berre gamblar eg på ein kombinasjon som eg trur blir bra!

 I jula var vi også så heldige at vi (eg og syster mi) fekk låne ein heil perm med gamle norske oppskrifter frå ei vi kjenner. Ettersom det ikkje er copyright på dei lengre, så scanna vi likesågodt heile sullamitten! Og det var mykje fint! Eg gler meg til å få prøve ut nokon av desse! Men det får vel vente litt, for nå går vi inn i den mest hektiske perioden på jobb, så strikking blir det nok minimalt av...

Her er ein litan sneak peak av det vi fann:



Men tilbake til babylua som det var meininga eg skulle vise fram i dette innlegget. Eg såg ei på FB som hadde lagt ut eit bilete av jenta si med den mest yndige lua eg har sett! Sjølvsagt prøvde eg å finne denne oppskrifta, og trur du ikkje eg fann ei som var så godt som lik? Eg fann den på etsy.com. Igjen var det litt problemer med å forstå kva som eigentlig var strikkefastheten, men eg såg litt på andre oppskrifter og enda med å strikke lua i baby merino frå Drops og eg trur eg brukte pinne nr. 3. Eg strikka då den største størrelsen som var 9-12 mnd, sidan eg visste at eg brukte tynnare garn og pinnar. Resultatet var ei lue som er ca 3 mnd etter min meining. Eg har også endra den ytterste kanten til perlestrikk. 

Bølgemønster og rusjekant!

Perlekanten har eg lagt til sjølv

Baksida

Silkebånt som snorer for det lille ekstra

Mønster: Pink Set Bonnet frå Stylecraft 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg)
Garnforbruk: under 1 nøste
Størrelse: ca 3 mnd
Det som var litt morosamt med denne lua er at mamma sa at eg hadde hatt ei liknande denne når eg va lita! Dumt den ikkje er tatt vare på! 

10 kommentarer:

  1. Flott lue.
    Husker jeg hadde en lignende til min sønn, men da uten rysjekanten, han er 32 nå.
    Mange flotte gamle oppskrifter.
    Godt nytt år,klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, det er veldig mange fine gamle oppskrifter, og eg gler meg til å prøve nokre :)

      Slett
  2. For ei bedårande lita lue du har laga! Eg har sett mange gamle strikkeoppskrifter, og mykje av det liknar på ting som er populært i dag. Kva vi no ser på som fint og merkeleg kan nok ha mykje med at ein del snitt og detaljar frå "gamle dager" vert moderne igjen, og då er me litt meir vande med å sjå det. Det har forresten kome ut ei bok for ikkje så lenge sidan som heiter "Vintagestrikk", kanskje det er noko for deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Det er veldig mykje gammalt som er blitt populært nå ja! Eg likar i alle fall dei gamle oppskriftene veldig godt (med nokre unntak da!) Blir spennande å prøve nokon i 2014!

      Slett
  3. Åå, for en nydelig lue! Jeg elsker gamle oppskrifter:-)

    For en skatt dere har funnet! Jeg har også en liten samling gamle oppskrifter. Har forresten strikket de to jakkene som ligger fremst på bildet til venstre - ble veldig fornøyd med begge:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!

      Ja, vi var kjempeheldige som fekk låne desse oppskriftene! Trur eg må ta meg ein kveld å gå gjennom dei og lage ei strikkeliste ;) Så gøy! Dei jakkene skal eg kikka litt nærmare på!

      Slett
  4. Det må være den søteste lua je noen gang har sett! Helt nydelig:) masse gammelt er fint, men også mye stygt(men morsomt). Du er heldig som ha fått tak i så mange flotte oppskrifter, skulle gjerne hatt de selv;)
    Ha en fin tirsdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant? Eg fallt pladask! Men er enig i det at det er mykje fint men også mykje stygt og morsomt, når det kommer til gamle oppskrifter! Heldigvis var det mykje fint i dei oppskriftene vi fikk låne, så det blir spennende å prøve dei :)

      Slett
  5. Nydelig :D Sånn vil jeg også strikke!

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)