lørdag 27. september 2014

Hentesettet fra Ministrikk

Verdas finaste hentesettet spør du meg! Charlott Pettersen, dama bak ministrikk.no kan verkelig sakene sine! Eg var solgt frå fyrste stund, og det blir fleire, det kan eg love deg! Dette settet blei til i somarferien, men har tydeligvis gått seg vil på veg til bloggen. Men her kjem det:

Settet består av ei jakke med fletter, som har knappane i ryggen, og ei bleiebukse. Kysa er også frå ministrikk, men er ei separat oppskrift. Alt med settet er berre nydelig!

Eg har strikka settet i baby merino frå Drops, noko dei også har brukt i oppskrifta. Passa fint sidan eg hadde mykje i kvitt i lageret mitt. Litt lagerslanking må til av og til! 


Heile settet

Fletter er og forbli ein storfavoritt!

Bleiebukse med høgt liv


Søtt sett!

Baksida av settet!
Noko av det finaste med dette settet er baksida av jakka, den er berre nydelig! Elskar at knappane er på ryggen! Eg syns også at treknappane gir ein fin effekt. 

Mønster:Jakke frå Hentesettet 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90g

Mønster:Bleiebukse frå Hentesettet 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 44g

Mønster: Kyse frå ministrikk
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 32g

Verdas finaste hentesett!

12 kommentarer:

  1. Ja! Det er virkelig (!!!) et fantastisk sæt. Så fint et design og så flot udført!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Må nok bli fleire av dette :)

      Slett
  2. Helt enig, dette setter er nydelig. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mhm, har allerede kjøpt inn garn til neste ;)

      Slett
  3. Såå fint hentesett! Stilig detalj med de flettene!

    SvarSlett
  4. Så fint det ble! De har mye nydelig på ministrikk, ikke tvil om det! Og det var et flott valg med treknapper! Men jeg lurer på om ikke knappene er vonde for babyen å ligge på? Hva tror du?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! :) Eg har også tenkt på det med knappane, men eg veit ikkje heilt! Vil tru det går greit, i grunn, men jakka kan også strikkast slik at ho kan brukast begge veier.

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)