mandag 13. juni 2011

Strikke på reisefot?

Ofte når eg er ute på reisefot (noko som er forholdsvis ofte når ein studerar borte frå heimen) har eg bruk for fleire ulike størrelse pinnar. Spesielt når eg er litt lengre vekke og vil starte på fleire strikkeprosjekter. Det store strikkepinneetuiet  blir for tungvindt å dra med seg. Så i dag har eg laga meg eit strikkepinneetui som vil vera veldig praktisk i slike situasjonar:




Strikkepinneetui med plass til 5 sett med pinnar :)


Blei nokså nøgd med dette! Så nå blir det strikking sjølv om eg er på tur!

Når eg fyrst satt meg ned for å laga dette så hadde eg ein litt annan løysning i tankane, men ombestemte meg mens eg holdt på. Resultatet blei at etuiet blei for kort, men då laga eg det om til eit etui for kortare pinnar, noko eg har tenkt å prøve meg på uansett :)



Strikkepinneetui for korte pinnar med plass til 4 sett :) Korte pinnar har eg ikkje i hus endå, men det kjem vel ein dag det også :P

Strikka mann og kone

Da eg var hjå mormor og morfar i går for å hjelpe til med husarbeidet kom er over desse:

Strikka mann og kone

Desse har eg laga for ein goood del år sidan, huskar ikkje kor gammald eg var, men vil tippe barneskulen ein gång. Syns dei var så søte :P Kanskje dette kan vera eit lite tips til kva dykk kan laga ilag  med dei små? Det er jo berre ein strikka firkant som er sydd saman og pynta på :)

søndag 12. juni 2011

Strikkeveske på bestilling

I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å laga strikkevesker på bestilling, men så var det ei som spurde så fint og i tillegg har eg for augeblinken mykje fritid, så kvifor ikkje? :) Her er resultatet:





Strikkevesker med strikkepinne-etui i fint blomsterstoff

Det er den med kvitt inni som er bestillt, men ettersom eg som regel syr to om gangen så blei det ei ekstra også denne gangen. I grunn syntest eg at det var den med kvitt inni som blei finast, så har ikkje heilt bestemt meg kva eg skal gjera med den med rosa inni. Kanskje selge den, kanskje ha den sjølv? Eg blei såpass fornøyd med dette stoffet, at om eg bestem meg for å selge begge må eg få kjøpt meir av dette stoffet og sy ny til meg sjølv ;) 

Håpar mottakar av denne strikkeveska blir fornøgd iallefall :) 

fredag 10. juni 2011

Blomstrete strikkevesker del 2

Sånt, då var dei siste strikkeveskene frå dette innlegget ferdig. Endelig! Dei har fått lege lenge å venta på å bli ferdig, og det var ikkje mykje igjen på dei så det gjekk veldig fort :) 



Fire stk ferdige strikkevesker :) Minst ei av desse blir gåve til mamma sin bursdag!

Eg har fått nokre forespørslar på om eg sel desse strikkeveskene eg lagar. Og for dei som er interessert kan eg kome med ei gladmelding, for det har eg tenkt å gjere! Likevel eg har ingen planar om å lage dei på bestilling, det har eg ikkje tid til. Men ofte når eg set meg ned for å lage dei så lagar eg fleire i slengen, og då er planen å selje dei som eg ikkje sjølv har bruk for. Dei vil då bli lagt ut på bloggen og det er bare til å ta kontakt på mail om du er interessert i å kjøpe. Prisen blir hhv. 150 og 200 for strikkeveske og strikkeveske m/strikkepinneetui, pluss porto. Dette vil gjelde standardstørrelsen, og "normalt" stoff. Om dyrare stoff blir benytta eller dei er større enn vanleg kan prisen bli noko høgare, men stort sett vil det bli den nevnt ovanfor. Strikkeveskene er veldig enkelt sydd, og målar ca 26x12x12.

Av dei strikkeveskene som er i dette innlegget er dei to rosa til salgs, og skal også lage strikkepinne-etui til desse, så då blir ein "pakkedeal" til 200 + porto :) Send meg ein mail om du skulle vera interessert.

Det vil lagt ut fleire strikkevesker til salgs etter kvart som eg får laga fleire. Det er også fint om du legg igjen ein liten melding om du skulle ha interesse av å kjøpe strikkeveske (men ikkje nødvendigvis desse i rosa), slik at eg kan få ein anelse av kor stor etterspørselen er :)

torsdag 9. juni 2011

Blomstrete strikkevesker del 1

Du huskar kanskje dette innlegget der eg holdt på å laga nye strikkevesker. Har nå fått gjort litt mer på dei og har to som nesten er ferdige:



Må berre fikse litt på sømmane inni veskene og så er dei ferdige :)

Grunnleggjande strikketips for nybegynnere

Eg har fått nokre forespørslar om å lage innlegg med strikketips, korleis ein gjer ulike strikketing osv enten i film eller bilete. Ettersom eg ikkje har noko godt aparat å filme med så fann eg ut at det må bli i bilete. Men nokre ting er lettare å sjå på film og eg har derfor funne ulike illustrasjonsvideoar på nettet eg tenkte å vise her. I fyrste omgang visar eg heilt grunnleggjande strikketips for nybegynnerar, men vil etter kvart lage innlegg der eg blant anna vil vise korleis strikke sokk og selbuvott, og det vil bli flest av den typen innlegg. Det er også lov å kome med ynskjer til kva eg skal visa. Videoane nedanfor er funne på dropsdesign.no, og her finn du mange gode illustrasjonar, av veldig mykje forskjellig. Alt frå det heilt grunnleggjande til ulike strikkemetodar. 

Om du er ny i strikkeverda, kan det vera lurt å starte med eit lite prosjekt som f.eks. lommetøfler. Her får du øvd deg på både rett, vrang, øking og felling. Og nedanfor er det videoklipp av alt du treng å kunne:

Korleis legge opp masker:



  Korleis felle av:


 Korleis redusere antall masker med å strikke to saman:


Korleis øke maske:


Korleis strikke vrange masker:



Dette er veldig grunnleggjande metodar, men for ein person som ikkje har strikka før må dei lærast :P Reknar med at dei fleste som er innom her allereie veit korleis ein strikkar, men det kan vel hende at det kjem nokon som ikkje veit også :) Men for dykk som er kome litt over nybegynnarnivå så kjem det nokon videoar for dykk seinare :)

Ps. Dette var faktisk mitt innlegg nr. 100 :D

mandag 6. juni 2011

Mariuskofte; FERDIG!

ENDELIG! Nå er mariuskofta mi ferdig! Eller iallefall 95%, må feste nokon trådar og nøste fast belegg, men utad ser den heilt ferdig ut! Jippi! 

Her er den ferdig Mariuskofta mi! :)


Mønster: Mariuskofte fra Sandnesgarn "Tema 15 - Til Fjells"(Modell 10)
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5

Skal prøve å få tatt nokre betre bilete etter kvart, slik at dykk får sjå kofta betre :) Var litt vanskeleg å få fram rett farge også :P Tenkte også å laga nokon innlegg med tips osv. for strikking av kofte som kan vera greit å få med seg om ein ikkje har strikka kofte før :)


Eg har gjort ALT sjølv denne gangen, ingen hjelp fra mamma (utenom eit par råd over telefonen da ;)) Og dette er eg kjempefornøgd med! Frå nå av skal eg gjera all montering sjølv, så slepp mamma å alltid gjere "drittarbeidet" :P

Det var ein del meir arbeid med kofte i forhold til genser når det kjem til montering, men vel verdt det! Denne skal nok bli mykje brukt! :) 

søndag 5. juni 2011

Mariuskofte; nesten ferdig!

Her går det unna:


Nå har eg fått montert på armane, og det heilt sjølv! Det var ikkje gale i det heile tatt, gjekk kjempefint :)

Nå blir det strikka stolpar som berre det her. Det einaste som gjenstår nå er å strikke dei to stolpane, klippe opp og feste desse, samt strikke hals. Håpar å komme godt på vei i løpet av dagen :)

Litt keisamt når eg strikkar store prosjekter, for då er det lite nytt å komme med her inne på bloggen. Men nå nærmar det seg slutt, og da blir det nok litt fleire småprosjekter før eg går i gang med noko stort igjen :) 

fredag 3. juni 2011

Latest update on the muffinbag!



Nå byrjar innhaldet i muffinbagen verkelig å ta form! Og av den grunn skal det litt til for å ikkje klare å sjå kva det skal bli nå :P Så her er den siste oppdateringa frå seinast 2 min sidan ;)


Ta-da! Surprice surprice! :P 

Det kom vel ikkje akkurat som eit sjokk for dykk at det var dette som var resultatet :P Det er endå litt igjen å gjera, men eg håpar å iallefall få sydd saman skuldre i løpe av helga, og kanskje bli heilt ferdig med armane. Det kjem litt an på kor mykje tid til strikking det blir :) Tru det eller ei så glear eg meg faktisk til montering, men dette kjem av at dette er første gang eg skal prøve meg på dette åleine! :D 

onsdag 1. juni 2011

Genser med rundfelling

Ja, eg har ein tendens til å leva i framtida istaden for nåtida, så eg planlegg allereie neste store prosjekt, til tross for at det gjenstår ein del på nåvarande prosjekt :P 

Men eg har funne ut at eg har veldig lyst til å strikke ein genser med rundfelling, ettersom dette er noko eg ikkje har prøvd før. Problemet er berre at eg ikkje har funne eit mønster endå. Eg vurderte mariusgenser med rundfelling, men fann ut at det har vore nok marius for ein stund nå :P 

Er det nokon av dykk som veit om nokre fine mønstre på genser med rundfelling? Ville satt utruleg stor pris på om dykk kom med forslag :) 

Eg fann denne i drops sin nyaste kolleksjon her ein dag, og syntes at den var veldig fin!:

Oppskrifta er ikkje kome endå, men dette er absolutt noko eg kunne tenkt meg å strikke. Iallefall noko i den duren, men kanskje med lange armar.