Desse går eg aldri lei av! Dei er både kjekke å strikke og gode på foten :) Og i tillegg syns eg dei ser veldig fine ut også. Dei her har vore på pinnane sidan før somaren, men eg fann ut at dei ville bli ein fin julegåve og derfor gjorde eg dei ferdig i ein fei! Eg har faktisk strikka desse med ein ny metode eg har lært meg, nemleg å strikke to på ein gong! Det vil kome eit innlegg om korleis ein gjer dette etter kvart, men foreløbig må dykk nøye dykk med bilete av sokkane ;)
Mønster: Blueberry Waffle Socks Garn: Viking sportsragg Pinne: nr. 3,5 |