søndag 11. desember 2011

Strikkekalender!

Etter eit besøk inne på sida til Katrine, blei eg tipsa om ein fantastisk kalender, nemleg ein strikkekalender! Eller rettare sagt, ein kalender for strikkarar. Det er strikkeoppskrift.com som har laga denne kalenderen, og du kan delta kvar dag for å samle deg poeng til trekninga. Då kan du vinne mange flotte premiar, sjølvsagt i innanfor strikkeverda, dvs. mønster, garn, bøker osv. Midt i blinken for meg! Er sjeldan eg gidder å vera med på slike nettkalenderar, men denne vil eg jaggu meg vera med på! :D Og det fine er at sjølv om du ikkje oppdaga denne før f.eks i dag, så kan du likevel vera med på alle dagane så har vore så langt i desember, jippi! :)

I fjor var planen å lage denne votte-kalenderen til "neste jul". Ja nå er det "neste jul" og den er fortsatt ikkje laga... Det får blir til neste jul då!

Ha ein fin sundag!

1 kommentar:

  1. Denne kalenderen var kjempe tøff!! Gleder meg allerede til "neste år" når du har laga den :)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)