søndag 4. desember 2016

Favoritter

Samling av nokon av mine favoritter!

Hentesette frå ministrikk.no har lenge vore ein favoritt hos meg. Mønsteret er så enkelt, men likevel så vakkert! For ei stund sida strikka eg også strømpebuksa frå knittingforolive.dk. Det viste seg at desse to plagga var som skap for kvarandre. Dei passar så utrulig godt i lag. Derfor endte eg med å strikke to sett, både eit i kvitt og eit i grått. I ulik størrelse så klart.  

Den fyrste jakka frå hentesettet strikka eg i 2014! Den har i ettertid fått ein del meir tilbehør, blant anna strømpebuksa. Les om jakka her.


Utrulig fin med strømpebukse til!
 Og så det gråe settet ut:

Her har det også lurt seg inn ei kulekyse

Settet blei ferdig ein fin somarsdag

Og så begge sette saman: 

Kvitt og grått saman, i str. mini og litt større



Info om dei ulike plagga:

Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 96 g
Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90 g

Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 86g


Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 75g
 Kulekysa var så fin til, at eg trur eg må strikke ei til det kvite settet også!

Mønster: Kulekyse
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 33g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)